Reidar Bruu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar Bruu
Reidar Bruu.JPG
Fødd 11. september 1903
Oslo
Død

2. november 1989 (86 år)

Yrke politikar, forretningsdrivande

Reidar Bruu (11. september 19032. november 1989) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Oslo. Han representerte partiet Høgre og Oslo på Stortinget frå 1954 til 1969.

Bruu var son til ein kjøpmann i hovudstaden. Han utdanna seg ved Oslo handelsgymnasium før han var innom Krigsskulen. Seinare i 1920-åra tok han praktisk utdanning i Tyskland og England. I 1923 vart han tilsett i manufakturforretninga Brødrene Bruu, eit firma han vart medeigar av i 1926.

Bruu tok ei leiande rolle i organisasjonslivet. Mellom anna var han formann 1952-55 i Manufakturkjøpmennenes landsforening og 1954-57 i Norges Kjøpmannsforbund. Seinare var han styremedlem i Norsk Folkemuseum 1963-73 og styreformann i Televerket 1969-73 og i Den norske Opera 1969-75.

Perioden 1952-55 var Bruu bystyrerepresentant i Oslo. Hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget for Høgre. Med tre attval vart han sitjande på Tinget i seksten år. Her var han medlem 1954-57 i Justiskomiteen, 1958-61 i Militærkomiteen og 1961-69 i Samferdslekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]