Reidar Due

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar Due
Fødd4. november 1922
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
FarEilif Due

Reidar Due (fødd 4. november 1922) er ein norsk gardbrukar og politikar, fødd i Oslo. Han representerte SenterpartietStortinget i tida 1977-89. Børskommissær Reidar Due var farfaren.

Due var son til ein bankmann. Sjølv tok han eksamen ved Hvam landbruksskule i 1943. Allereie året etter tok han over storgarden Mo i Levanger, ein gard som farmor-slekta hadde eigd til dess.

Frå om lag 1960 og fram til 1998 sat i Due jamt i ein eller fleire leiande posisjonar i jord- og skogbruket, og/eller i dei tilhøyrande faglege organisasjonane. Han var styreformann 1960-78 i Bøndernes Salgslag, 1961-83 i Norske Skogindustrier, 1971-78 i Norges kjøtt- og fleskesentral og 1978-80 i Landbrukets Sentralforbund.

Due var medlem av Levanger kommunestyre og formannskap 1964-71, ordførar 1968-71. Han var medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag fylkesting perioden 1976-79. I tida 1973-84 var han medlem av sentralstyret i Senterpartiet. Frå 1977 til 1989 representerte han så partiet frå Nord-Trøndelagsbenken i Stortinget. Han var då med i Industrikomiteen, der han var formann 1981-88. Den siste sesjonen, 1988/89, var han medlem i Forbrukar- og administrasjonskomitéen.

Allereie i 1986 utnemnde Willoch-regjeringa Due til fylkesmann i Sør-Trøndelag, eit embete han tok til i hausten 1989 og hadde til han nådde aldersgrensa i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]