Norske Skog
Utsjånad
| Norske Skog | |||
| | |||
| Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 914483549, 911750961 | ||
| Bransje | Papirindustri | ||
| Skipa | 1. mars 1962 | ||
| Dotterselskap | Industrikraft Midt-Norge, Norske Skog Skogn, Norske Skog Walsum, Norske Skog Union, Norske Skog Saugbrugs, Norske Skog Follum, Norske Skog Parenco | ||
| Hovudkontor | Oslo | ||
| Land | Noreg | ||
| Produkt | papir, papp | ||
| Nettstad | https://norskeskog.com (engelsk) | ||
Norske Skog (OSE: NSG) er den nest største produsenten av magasin- og avispapir i verda. Selskapet har hovudkontor på Lysaker i Noreg og fabrikkar i 15 land over heile verda. Konsernsjef er Christian Rynning-Tønnesen (2007).
Norske Skog vart etablert i 1962 som Nordenfjelske Treforedling, og den fyrste avispapirfabrikken vart sett i drift på Skogn i Nord-Trøndelag i 1966. I 1970- og 80-åra voks selskapet til å bli det største innanfor norsk treforedling. I 1990-åra ekspanderte selskapet vidare utover i Europa gjennom bygging eller kjøp av fabrikkar i Noreg, Frankrike, Austerrike og Den tsjekkiske republikken. Frå 2000 vart selskapet ein global aktør med verksemd i Asia, Sør-Amerika og Australasia òg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |