Reinlendar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Reinlendar er ein pardans, ein av dei mest vanlege innan gamaldans. Det norske namnet tyder at han kom hit frå Rhinland. Han er i slekt med dansen schottische, og også kjent som tysk polka. I Sverige heiter han schottis, noko som tyder på at grannefolket trudde dei fekk han frå Skottland.

Reinlendaren var truleg kjent mange stadar i Europa, og spreidde seg på 1800-talet frå dansesalongar i Paris til å verte ein motedans også i Nord-Europa mot slutten av hundreåret.

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Reinlendarmusikken går i 2/4 eller 4/4 takt, i roleg tempo. Til vanleg har han to åttetaktersreprisar.

Dansen[endre | endre wikiteksten]

Par dansar etter kvarandre i ein ring motsols på golvet. Første turen går framover i ringen. I andre turen held dansarane fram i ringen medan dei snur parvis medsols.

Sjølve reinlendarsteget, første turen, er tre gå- eller springesteg følgd av kvile eller hopp. Dette repeterast ein gong, før omsnuinga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]