Rhinland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Rhinland langs elva Rhinen.
Historiske bysentrum i det tyske Rhinland, frå Mainz til Köln (kart 1909)

Rhinland er ein historisk region i det vestre Tyskland. Rhinland ligg på begge sider av elva Rhinen, og ligg i dag i dei tyske delstatane Rheinland-Pfalz og Nordrhein-Westfalen.

Tidlegare var Rhinland ein prøyssisk provins. Han vart oppretta i 1822, som ei samanslåing av to allereie eksisterande prøyssiske provinsar, det tidlegare hertugdømmet Jülich-Kleve-Berg og storhertugdømet Niederrhein. Etter første verdskrigen vart Saarland skilt ut av Rhinland og plassert under fransk administrasjon. Samstundes vart delar av Rhinland overteke av Belgia.

I mellomkrigstida skulle Rhinland i følgje Versailles-traktaten vere ei demilitarisert sone. Den 7. mars 1936 ignorerte Hitler traktaten og sende tyske styrkar inn i området.

Det var i 1946, etter andre verdskrigen, at Rhinland fekk dagens administrative inndeling og vart delt mellom Rheinland-Pfalz og Nordrhein-Westfalen.

Dei største byane i Rhinland er Aachen, Köln, Krefeld, Düsseldorf, Duisburg, Essen, Koblenz, og Wuppertal.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]