René Cassin
| René Cassin | |
| Statsborgarskap | Frankrike |
| Fødd | 5. oktober 1887 Bayonne |
| Død |
20. februar 1976 (88 år) |
| Yrke | jurist, diplomat, politikar |
| Politisk parti | Parti républicain, radical et radical-socialiste[*] |
| Medlem av | Den franske liga for menneskerettigheter[*], Académie des sciences morales et politiques[*], Serbias vitenskaps- og kunstakademi[*], Empire Defense Council[*], De frie franske styrker[*], Union fédérale des associations françaises d'anciens combattants[*] |
| Religion | jødedom |
| Prisar | Nobels fredspris, storkors av Æreslegionen, Croix de guerre 1914–1918, kommandør av Ordre des Palmes académiques, Companion of the Liberation, Médaille de la Résistance, FNs menneskerettighetspris, Médaille militaire, æresdoktor ved Universitetet i Oxford |
| René Cassin på Commons | |
René Samuel Cassin (5. oktober 1887–20. februar 1976) var ein fransk jurist, diplomat og politikar som vart tildelt Nobels fredspris i 1968 for arbeidet sitt for menneskerettane, og fekk same året òg Dei sameinte nasjonanes pris for menneskerettar, ei utmerking som vart skipa i 1968. Han var fødd i Bayonne og døydde i Paris.
René Samuel Cassin var med på å skrive Verdsfråsegna om menneskerettane, som vart vedteken av Dei sameinte nasjonane på si tredje generalforsamling 10. desember 1948 i Paris. Han var òg president i Den europeiske menneskerettsdomstolen frå 1965 til 1968 etter å ha vore visepresident frå 1959 til 1965. Under den andre verdskrigen var han med i La France libre, ein motstandsorganisasjon som general de Gaulle skipa i London etter sin appell over engelsk kortbølgeradio (BBC) 18. juni 1940 om å gjere motstand mot Nazi-Tyskland.
I Frankrike skipa René Samuel Cassin i 1947 Institut français des sciences administratives, som har til føremål å definere rettar og pliktar for den offentleg administrasjonen i Frankrike og fremje systemet internasjonalt, og i 1948 skipa han Institut libre d'étude des relations internationales, ein institusjon i Paris som undervisar på universitetsnivå i tema som har med internasjonale relasjonar og internasjonal handel å gjere.
Ei mengd skular og fleire andre ymse institusjonar i både Frankrike og i utlandet har fått namn etter René Samuel Cassin, soleis òg den franske skulen i Oslo, Lycée français René Cassin.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «The Nobel Peace Prize 1968». Nobelprize.org. Henta 1. oktober 2015.
- «René Cassin - Facts». Nobelprize.org. Henta 1. oktober 2015.