Retorikk
Retorikk er læra om talekunst. I moderne tid vert retorikken ofte definert som læra om overtaling.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Ordet retorikk kjem via tysk Rhetorik frå latin rhētorica, ei forkorting av ars rhētorica 'talekunst', som er laga etter mønster av klassisk gresk rhētorikḕ tékhnē ῥητορικὴ τέχνη 'talekunst'. Adjektivet rhētorikḗ ῥητορική er avleitt av substantivet rhḗtōr ῥήτωρ 'offentleg talar', ei nomen agentis-avleiing av verbet erō ἐρῶ / *rhéō *ῥέω 'eg talar, eg seier'.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Retorikken voks fram i antikken, og var opphavleg ein del av dei frie kunstane, og utgjorde saman med grammatikk og dialektikk trivium. Sofistar som Protagoras og Gorgias var mellom dei første retorikarane.
Cicero og Quintilian var framståande representantar for den romerske retorikken.
På 1800-talet vart retorikken oppfatta som gamaldags og mekanisk, men etter andre verdskrigen har interessa auka. Den klassiske retorikken har vorte vidareutvikla med nye innslag frå lingvistikk og kommunikasjonsforsking.
Kjende retorikarar i vår tid er Ernst Cassirer og Kenneth Burke.
Retoriske termar og omgrep
[endre | endre wikiteksten]Ulike taleartar
[endre | endre wikiteksten]I klassisk retorikk:
Genus iudiciale - rettstalar - talaren skuldar eller forsvarar einkvan om gjerningar gjort i fortid.
Genus deliberativium - politiske talar - talaren tek stilling i ei sak med delte meiningar. Analyse, råd om framtida.
Genus demonstratium - festtalar - talaren vil gjere publikum venleg eller kritisk innstilt til einkvan. Notidig.
Å overtyde
[endre | endre wikiteksten]I retorikken kan ein overtyde på ulike måtar:
Dosere - «å undervise», talaren vender seg til publikums logos («fornuft») ved hjelp av argument.
Delectare – «å velhage», talaren får lyttaren venlegstemt med sjarm og tiltru - etos.
Movere – «å røyve», talaren vekkjer patos, «sterke kjensler», hjå publikum.
5 arbeidsstadium
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje Cicero er dei fem arbeidsstadia:
Intellectio – Å skjøne. Talaren analyserer emnet og språksituasjonen.
Inventio – Å finne. Talaren samlar stoff og argument pro et contra.
Dispositio – Å ordne. Talaren ordnar dei ulike elementa i talen.
Elocutio – Å formulere. Talaren fyller disposisjonen med innhald og velvalde ord.
Memoria – Å hugse. Talaren lærer innhaldet utanåt.
Actio – Å framføre. Stemmebruk, gestar og mimikk.
Disposisjon av talen
[endre | endre wikiteksten]I klassisk retorikk deler ein talen i ulike delar, dispositio.
Exordium – Innleiing, kort presentasjon av emnet, og forsøk på å oppnå Captatio benevolentiae, «vinnande velvilje» hjå lyttaren.
Narratio – Forteljing, gjer kort greie for bakgrunnsinformasjon, som grunnlag forr den komande argumentasjonen.
Propositio – Framstilling, talaren presenterer tesen som talaren i framhaldet av talen vil argumentere for.
Argumentatio – Argumentasjon, talaren forsvarer tesen med hjelp av argument. Han tek til med probatio, «prov», det vil seie at han presenterer argument for tesen, for så å halde fram med refutatio dvs. avvising av eventuelle motargument.
Peroratio – Avslutting, gjerne med racapitulatio, d.v.s. eit «samandrag» av argumentasjonen som talen inneheld
Språklege verkemiddel
[endre | endre wikiteksten]I den klassiske retorikken kan ein forbetre talen, elocutio, ved å nytte tropar og figurar:
- Hyperbol - overdriving («Evert Taube høyrer heime i alle norske hjarte»)
- Samanlikning - («Du er som ei rose»)
- Litotes - underdriving («Det var ikkje spesielt festleg å høyre»)
- Metafor - («Du er ein knupp»)
- Metonymi - («Han les Strindberg»)
- Pars pro toto - delen i staden for heilskapen («eit klokt hovud»)
- Anafor - gjentaking av same ord i byrjinga av ei utsegn (Luther King; «Eg har ein draum... Eg har ein draum....»)
- Antitese - motsette tankar eller omgrep vert sette opp mot kvarandre.
- Exclamatio - utrop.
- Interrogatio - retorisk spørsmål
- Ironi - å seie noko anna enn det ein meiner, ofte med eit islett av spott
- Klimaks - stigning, slik at siste lekken utgjer eit høgdepunkt
- Oksymoron - fornuftig galskap,
- Trikolon - («veni vidi vici»)