Ricin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skisse av ricin-proteinet.
Bønner frå kristpalme

Ricin er eit naturlig protein frå bønnene av oljeplanten kristpalme (Ricinus communis). Det kan vera i væske-, pulver- eller krystallform utan spesiell smak. Ricin er ei gift som blokkerer proteinsyntesen i cellene og forårsakar indre blødninger og øydelagde organ. Dersom ein får i seg gifta, kan ein utvikla symptom som kvalme, oppkast og blodig diaré. Ved døydelege dosar døyr offeret av organsvikt etter nokre dagar. Pustar ein gifta inn, kan ein døy fordi pusteevnaet blir lamma. Gifta kan påvisast på åstaden, men ikkje sporast i offeret.[treng kjelde]

Gifta er rekna som 1 000 ganger giftigare enn cyanid.[1][2] Ein dose reint ricinpulver på størrelse med nokre få saltkorn kan drepe eit vakse menneske.[3]

Ricin er billeg og enkelt å produsere, og er stabilt i aerosolform. Det finst inga behandling eller vaksine mot gifta. Det kan derfor brukast som masseøydeleggings- og terrorvåpen, anten ved direkte utsprøyting i lufta eller, mest effektivt, ved tilsetning til drikkevatn eller matvarer.[treng kjelde]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I april 2011 skal ein mann frå Tromsø ha framstilt giftstoffet heime hjå seg sjølv og deretter teke sitt eige liv ved hjelp av det. Dette var ifølgje forskaren Pål Aas ved Forsvarets forskningsinstitutt den første ricin-episoden i Noreg nokon gong.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.homelandsecuritynewswire.com/ricin-antidote-ready-production
  2. «Questions and Answers About Ricin». Food and Drug Administration. Henta 24. november 2015. 
  3. «What Makes Ricin So Deadly[1] - What Makes Ricin So Deadly». Anthony Sabella. Arkivert frå originalen 30. april 2013. Henta 24. november 2015. 
  4. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.7619972