Riddarroman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Riddarane av det runde bordet ser ein visjon av den heilage gralen. Illustrasjon frå rundt 1475.

Riddarroman eller riddardikting er ein type mellomalderdikting med riddarar som hovudpersonar. Den internasjonale nemninga romanse kjem frå fransk, ettersom sjangeren oppstod på det gammalfranske språket i Frankrike på byrjinga av det andre tusenåret, og i byrjinga viste til litteratur skriven på romanske språk som stamma frå vulgærlatin. Litteratur på occitansk, mellomalderspansk og italiensk og normannarengelsk følgde før sjangeren blei teken opp i germanskpråklege område. Sjangeren har høviske motiv, vanlegvis med riddarar og damer, fabeldyr som drakar, og kan i tillegg til eit mål om å underhalda også ha vore retta mot opplæring.[1]

Riddarromanar har det til felles at dei handlar om ein riddar (eller tilsvarande, om handlinga føregår tidlegare enn riddartida) som blir stild ovanfor ei vanskeleg oppgåve som han typisk vinn over og ved enden av soga framstår som ein helt.

Det finst tre hovudsjangrar innan riddarromanane, som har fått franske nemningar:

Ein framståande forfattar av riddarromanar var hoffdiktaren Chrestien de Troyes, som mellom anna skreiv Parsifal. Tristan og Isolde er ein kjend roman breton, det same er Robin og Marion av Adam de la Halle. Dei fleste forfattarane av desse verka verker å ha vore hoffdiktarar.

Fleire riddarromanar blei omsett til nordiske språk, som Eufemiavisene, som blei omsett til svensk på 1300-talet. Dei nordiske riddarromanane skil seg frå dei kontinentale, mellom anna i korleis dei formidlar kjønnsroller.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referensar
  1. Olsson, Bernt & Algulin, Ingemar, (1995): Litteraturens historia i världen, Stockholm: Nordstedts förlag. ISBN 9172274344. 
  2. Nolan, Barbara, (1992): Chaucer and the Tradition of the Roman Antique, Cambridge University Press..