Tristan og Isolde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tristan og Isolde ved ei fontene medan kong Mark spionerer på dei. Elfenbeinutskjering frå 1300-talet.

Tristan og Isolde er ein legendarisk romanse og tragedie frå mellomalderen som er gjenfortald i ei rekkje seinare verk med mange variasjonar. Det er ei tragisk soge om ekteskapsbrot og kjærleik mellom ein ung riddar frå Cornwall, Tristan (Tristran eller Tristram), og den irske prinsessa Isolde (Isoud, Iseult, Essyllt, Isylt eller Isolt). Soga er eldre enn den arthurianske romansen om Lancelot og Guinevere, og har mest sannsynleg påverka denne. Ho har hatt ei monaleg innflyting på vestleg kunst og litteratur frå ho først blei fortald ein gong på 1100-talet. I nyare tid har ho inspirerert operaen Tristan und Isolde av Richard Wagner, og fleire filmar.

Mens detaljane har endra seg frå den eine forfattaren til den andre, har den overordna handlingsstrukturen vore den same. Tristan er nevø av kong Mark av Cornwall (Marc, Marke, March) og Isolde er dotter av kongen av Irland. Tristan eskorterer Isolde for at ho skal stå brur med Mark, som er onkelen og lensherren hans. Ved ein feil drikk dei begge ein kjærleiksdrikk som mor til Isolde hadde gjeve terna hennar, og som var meint for Isolde og kong Mark. For Isolde si skuld svik Tristan plikta si som vasall.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til handskrift frå 1323 av Gottfried von Strassburg sin Tristan og Isolde-roman.

Det er to hovudtradisjonar til soga om Tristan. Den tidlegaste tradisjonen bestod av franske romansar frå to diktarar frå andre halvparten av 1100-talet, anglo-normannaren Thomas d'Angleterre (også kalla Thomas av Britannia) og normannaren eller franskmannen Béroul, frå åra mellom 1160 og 1170. Deira kjelder kan igjen sporast tilbake til ein opphavleg arketypisk irsk-keltisk romanse frå tidleg mellomalder. Versjonen til Béroul er rekna som ei meir primitiv utgåve, og den til Thomas som ein meir høvisk versjon, men begge manuskripta er bevart ukomplette. Deira soger er i stor grad blitt rekonstruerte ved hjelp av to tyske versjonar frå rundt 1200 og ei norrøn prosaomsetjing av boka til Thomas, Tristrams saga, som kong Håkon Håkonsson fekk gjort i Noreg på midten av 1200-talet.[1]

Til desse to nemnde manuskripta, som berre finst i fragment, føyer det seg dessutan to mindre diktverk som begge har tittelen La folie de Tristan – 'Tristans vanvit'. Seinare tradisjonar kjem frå eit samleverk kalla Prosa-Tristan (ca. 1240), som var markant forskjellig frå dei tidlegare forteljingane til Thomas og Béroul. Prosa-Tristan blei den mest utbreidde mellomalderforteljinga om Tristan og Isolde og blei bakgrunnen for skriftene til sir Thomas Malory, den engelske forfattaren av Le Morte d'Arthur (Arthurs død, ca. 1469). I 1900 gav den franske litteraturhistorikaren Joseph Bédier (1864–1938) ut ein rekonstruksjon av diktet i moderne fransk prosa, hovudsakleg etter Béroul. Bedier sin versjon er omsett til norsk to gonger; først av Trygve Width i 1952 og deretter av Lorentz Eckhoff i 1967 til bokserien Thorleif Dahls Kulturbibliotek.[2]

Forteljinga har også blitt omarbeidd av Gottfried von Strassburg (død ca. 1210) til ein ufullført verseroman. Denne var basert på Thomas sitt verk som Gottfried fortalte at han hadde «fortalt forteljinga korrekt» etter. Andre tyske versjonar av denne utgåva inspirerte Richard Wagner sin opera Tristan und Isolde.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Tristanteppichs er eit biletteppe frå rundt 1300 som illustrerer soga om Tristan og Isolde.
«Tristrem og Ysonde», illustrasjon fra Legends & Romances of Brittany av Lewis Spence, illustrert av W. Otway Cannell.

I hovudstaden Tintagel i Cornwall herskar kong Mark. Han har oppfostra nevøen sin, den foreldrelause Tristan. Kjempa Morholt frå Irland har herja kongeriket og kravde 300 gutar og 300 jenter i skatt. Tristan tilbyr seg å slost mot Morholt, og blir slått til riddar. I ein tvikamp sigrar han over irlendaren, men blir sjølv dødeleg såra og legg seg i eit skip som driver av garde til han hamnar i det fiendtlege Irland. Her blir han lækja av kongsdottera Isolde og vender seinare heim. I Cornwall blir kong Mark beden om å finna seg ei dronning, og då ei svale kjem til han med ein lokk blondt hår i nebbet bestemmer han seg for å ekta kvinna håret kom frå. Tristan dreg av garde for å frakta Isolde, som reiser med terna si Brangien, til kong Mark i Cornwall. Terna har med seg ein kjærleiksdrikk som mor til Isolde har gjeve henne. Denne er meint for kong Mark og Isolde, men ved eit uhell drikk både Isolde og Tristan denne, og blir forelska i kvarandre.

I den «høviske» versjonen varer kjærleiksdrikken livet ut, men i den «vanlege» versjonen mister drikken effekt etter tre år. Isolde giftar seg med kong Mark, men Tristan og Isolde er nøydde til å søka kvarandre i løynd. Sjølv om ein typisk arturiansk karakter ville vera skamfull over ei slik handling, fritek kjærleiksdrikken Tristan og Isolde for personleg ansvar. Rådgjevarane til kongen prøver fleire gonger å få paret stilt til ansvar for utruskapen sin, men dei greier stadig å verna om uskuldsfasaden sin gjennomlureri og triks. I Béroul sin versjon ebbar krafta i kjærleiksdrikken ut, og de to elskande er frie til å ta eigne val om korleis dei vil halda fram. Dei har tre val - hemmeleg elskov, flukt eller avkall – og dei prøver alle og feilar.

Som i kjærleikstriangelet Arthur-Lancelot-Guinevere har også Tristan, kong Mark, og Isolde varme kjensler for kvarandre. Tristan ærer, respekterer og elskar kong Mark som sin læremeister og adoptivfar; Isolde er takknemleg for at kong Mark er vennleg mot henne, noko han ikkje er nøydd til å vera. Mark elskar Tristan som sin egen son og Isolde som ei kone og den vakraste kvinna som lever. Om nettene har alle tre forferdelege draumar om framtida. Kongen får etterkvart greie på forholdet, og får det som verker som prov frå fire vonde baronar og ein dverg. Mark straffar Tristan ved å prøva å brenna han og Isolde ved å setje henne på ein uskuldsprøve som er å plassera henne i eit spedalskhus. Tristan kjem unna ved eit mirakuløst hopp og reddar samtidig Isolde. Paret flyktar til Morois-skogen og held seg skjult der saman med ein hund som er opplært til å ikkje bjeffa. Til slutt blir dei oppdaga då kong Mark finn dei sovande ved sidan av kvarandre - fullt påkledd og med eit nakent sverd kysk mellom seg. Dei inngår ei forsoning ved at Tristan lover å overlata Isolde til kongen og sjølv dreg frå landet. Isolde ber om å bera jernbyrd for å fri seg frå anklagene om utruskap i nærvær av ingen ringare enn kong Artur. Då Isolde kjem seglande blir ho hjelpt i land av ein tiggar, som er Tristan i forkleding. Ho kan dermed utan å lyga hevda at ingen har halde henne i armane sine bortsett frå kongen og tiggaren.

Den landsforviste Tristan reiser deretter til Bretagne der han frir landet frå fiendane det har. Deretter gifter han seg med ei kvinne som forvirrande nok også heiter Isolde; den vakre Isolde med dei kvite hendene, dotter av Hoel av Bretagne og syster av sir Kahedin. Men Tristand fullbyrder ikkje ekteskapet, og når svogeren Kahedin spør kvifor, tek Tristan han med til Cornwall og viser han Isolde den blonde, den han eigentleg elskar. «Med ett ble veien opplyst, som om solen plutselig brøt igjennom de store trærnes løvtak, og Isolde den blonde kom til syne...»[3]

I Prosa-Tristan og verk som er avleidd av denne er Tristan dødeleg såra av Mark, som forrædersk dolker Tristan med ein forgifta lanse mens den unge mannen speler på harpe for Isolde. Dei poetiske versjonane av soga gjev ulike skildringar av korleis helten døyr. I versjonen til Thomas blir Tristan såra av ein forgifta lanse mens han prøver å redda ei ung jomfru frå seks riddarar. Tristan sender venen Kahedin av garde for å finna Isolde, den einaste som kan lækja han. Tristan ber Kahedin om segla tilbake med kvite segl om han finn Isolde, og med svarte segl om han ikkje greier å finna henne. Isolde går med på å bli med til Tristan, men den sjalu kona hans, Isolde med dei kvite hendene, lyg til han om fargen på segla. Tristan døyr av sorg i trua på at Isolde har forråda ham, og Isolde døyr så i sorg over å finna han død. Fleire versjonar av Prosa-Tristan har med den tradisjonelle skildringa av Tristans død som ein finn i dei poetiske versjonane. Dei to blei gravlagde i Tintagel i Cornwall. I nokre kjelder blir det sagt at to vekstar, eit hasseltre og ein kaprifol[4] gror opp frå gravene deira og greinene veks saman slik at dei ikkje kan skiljas. Kong Mark prøver tre gonger å kutta greinene, og dei veks saman att kvar gong.

I nokre få seinare forteljingar blir det fortald at dei elskande fekk fleire barn. I nokre versjonar får dei ein son og ei dotter som blir kalla opp etter dei sjølv, og desse barna har eigne eventyr. I romansen Ysaie den sorgfylte er helten ein son av Tristan og Isolde. Han blir involvert med alvekongen Oberon og giftar seg med ei jente kalla Martha som føder han sonen Mark.

Samband til andre soger[endre | endre wikiteksten]

Tidlege referansar på walisisk[endre | endre wikiteksten]

Det er mange teoriar om opphavet til soga, men litteraturhistorikarar har vanskar med å semja om kva som er mest nøyaktig eller den mest opphavlege. Det finst ein «Tristanstein» med ein inskripsjon om Drust, men det er vanskeleg å slå sikkert fast at denne Drust er ein arketype av Tristan. Det finst referansar til March ap Meichion og Trystan i walisiske triadar, ein del med gnomisk poesi, Mabinogion-forteljingane (ei samling på 11 walisiske prosaforteljingar frå mellomalderen), og i helgenbiografien Livet til sankt Illtud frå slutten av 1000-tallet.

«Drystan» er namnet på ein av rådgjevarane til kong Artur i slutten av Rhonabwys draum (walisisk Breuddwyd Rhonabwy), ei forteljing frå tidleg på 1200-talet i ei walisisk prosasamling innanfor Mabinogion, og Iseult eller Isolde er lista opp saman med andre store menn og kvinner ved hoffet til Artur i ei anna, mykje tidlegare Mabinogion-forteljing kalla Culhwch og Olwen.[5]

Analogiar[endre | endre wikiteksten]

Moglege irske tidlege soger om Tristan har fått stor merksemd frå forskarar. Eit øydeleggjande triantán an grá («kjærleikstriangel») finst i ei rekkje irske tekstar, men mest kjend er ein tekst kalla Tóraigheacht Dhiarmada agus Ghráinne eller 'Forfølginga av Diarmuid og Gráinne'. I denne forteljinga tek den aldrande Fionn mac Cumhaill den unge prinsessa Gráinne til kone. Ved trulovingsseremonien blir ho forelska i Diarmuid, ein av dei mest trudde krigarane til Fionn. Gráinne gjev ein sovedrikk til alle bortsett frå Diarmuid, og klarer å overtala ha til å rømma med henne. Dei flyktande elskarane blir deretter forfølgde over heile Irland av Fianna, dei frykta krigarane til Fionn.

Ein annan irsk analogi er Scéla Cano meic Gartnáin som er bevart i manuskriptet Yellow Book of Lecan eller Lecans gule bok frå 1300-talet. I denne forteljinga er Cano ein forvist skotsk konge som tek imot gjestfridom av kong Marcan av Ui Maile. Den unge kona til kongen, Credd, forgiftar alle som er til stade og overtalar Cano til å bli elskaren hennar. Dei prøver å halda eit stemnemøte ved hoffet til Marcan, men blir forstyrra og hindra av hoffmennene. Til slutt dreper Credd seg sjølv og Cano døyr av sorg.

I Ulster-syklusen, eit anna irsk mellomaldermanuskript, finn ein teksten Clann Uisnigh eller Sorgenes Deirdre. Her fell Naoise mac Usnech for Deirdre, som blir halde fanga av kong Conchobar mac Nessa på grunn av eit profeti om at Ulster vil hamna i innbyrdeskrig på grunn hennar store venleik. Conchobar har lova å gifta seg med Deirde for å hindra slik krig. Han hemnar seg på Naoise og klanen Usnech. Dette fører til at mange menn frå Ulster tek tilflukt i Connacht, mellom anna stefaren til Conchobar og den trudde allierte Fergus mac Róich. Dei tek etterkvart del i Táin Bó Cúailnge, ei vidareføring av forteljinga i ei anna historie.

Nokre forskarar har lagt fram den persiske fortellinga Vis og Rāmin frå 1000-talet som ei mogleg kjelde for Tristan-legenda.[6]

Ein del forsking har også sett på Ovid (død ca. år 18) si diktfortelling Pyramus og Thisbe som ei mogleg kjelde, og til Ariadne frå Naxos.[6] Sekvensen der Tristan og Isolde døyr og blir til to samantvinna tre har også parallellar i den moralske kjærleiksforteljinga hans om Filemon og Baukis, der dei to elskande i døden blir omforma til to ulike tre som spirer frå same stamme.

Tilknyting til kong Artur[endre | endre wikiteksten]

I sine eldste fasar var forteljinga truleg ikkje knytt til den samtidige arturianske litteraturen, men dei tidlegaste bevarte versjonane hadde allereie lagt til referansar til kong Artur og hoffet hans. Tilknyting mellom Tristan og Isolde og soga om kong Artur er blitt utvida over tid, og kort tid etter samanstillinga av Prosa-Lancelot (også kalla Vulgærsyklusen og Lancelot-Gral-syklusen), i løpet av første fjerdedelen av 1200-talet, har to forfattarar skapt den lange og omfattande Prosa-Tristan der Tristan som helt blir etaber som ein riddar ved det runde bordet og som deltakar i jakta på den heilage gralen.

Tristan og Isolde frå tidleg mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Den høviske tradisjonen[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste representasjon av det forskarar karakteriserer som ein «høvisk» versjon av Tristan-legenda er i tekstene til Thomas d'Angleterre frå 1173. Berre ti fragment av hans Tristan-dikt, representert i seks manuskript, er blitt bevart. Manuskriptea i Torino og Strasbourg er no tapt, medan det finst att to i Oxford, eit i Cambridge og eit i Carlisle.[6] I sin tekst namngjev Thomas ein annan trouvère som også song om Tristan.

Den andre vesentlege teksten for kunnskap om den høviske delen av legenda om Tristan er den noko forkorta omsetjinga av Thomas sin tekst som blei gjort av broder Robert på oppmoding frå kong Håkon Håkonsson av Noreg i 1227. Kong Håkon ønskte å fremja kulturen til Angevin-riket ved hoffet sitt i Bergen, og bestilte derfor omsetjingar av fleire franske arturianske verk. Den norrøne versjonen presenterer ei fullstendig direkteforteljing av hendingane i Thomas sitt verk. Før verket til bror Robert kronologisk kjem Tristan og Isolt av Gottfried von Strassburg, som blei skrive ca. 1211–1215. Diktet er det einaste kjende verket til Gottfred, og blei etterlate ufullført då forfattaren døydde og det som gjenstod var halvdelen av hovudhandlinga. Diktet blei seinare fullført av andre tyske forfattarar som Heinrich von Freiberg og Ulrich von Türheim, men då innanfor den «vanlege» avdelinga av soga som den ideelle kjelda.[7]

Den ikkje-høviske tradisjonen[endre | endre wikiteksten]

Maleri av Isolde av Gaston Bussiere, kalt Yseult la blonde, musée des Ursulines, Mâcon

Den tidlegaste representanten for den «vanlege» greina av forteljinga er Béroul sin Le Roman de Tristan. Den første delen av teksten er generelt blitt datert til ein stad mellom 1150 og 1170, og den siste delen til mellom 1181 og 1190. Denne versjon blir kalla «vanleg» på grunn av at han representerer ein tidlegare ikkje-høvisk fortelljartradisjon som reflekterer «den mørke tidsalderen» meir enn den forfina høgmellomalderen. I denne forstand svarer han til Layamon sitt Brut, og Perlesvaus av ein anonym forfattar. Som med verka til Thomas, er kunnskapen om teksten til Béroul avgrensa. Nokre få vesentlege fragment av verket hans blei gjenoppdaga på 1800-talet, og resten av forteljinga er blitt rekonstruert frå seinare versjonar.[8] Den tidlegaste utgåva på mellomhøgtysk er romansen Tristrant av Eilhart von Oberg. Denne versjonen er meir omfattande og meir komplett enn den til Bérouls, som han truleg har lånt frå, om enn svært fritt. Han har også nokre scener som ikkje blei tekne opp før i seinare versjoner, mellom anna den tragiske slutten til dei elskande. Eilhart sin versjon var lenge populær, men bleikna i samanlikning mot den seinare Tristan av Gottfried von Strassburg.[7]

Felles kjelde[endre | endre wikiteksten]

Joseph Bédier, ein fransk litteraturforskar som var spesialist på mellomalderen, har fremja teorien om at alle legender om Tristan og Isolde kan sporast tilbake til eit enkelt, opphavleg dikt, tilpassa av Thomas d'Angleterre til fransk frå ei kornisk eller britonsk kjelde. Han karakteriserte den hypotetiske originalen som «Ur-Tristan», og skreiv si eiga utgåve, den fortsatt populære (Romansen om) Tristian og Isolde, i eit forsøk på å rekonstruere korleis denne opphavsversjonen kan ha sett ut.

Seinare mellomalderversjonar[endre | endre wikiteksten]

Franske[endre | endre wikiteksten]

Isolde sigler i ein illustrasjon frå middelalderen.

Marie de France var samtidig med Béroul og Thomas. Ho presenterer ein Tristan-episode i ein av sine lais, «Chevrefoil». Denne handlar om ei anna av Tristan sine hemmelege reiser tilbake til Cornwall der den forviste og fortvilte helten signaliserer nærværet sitt til Isolde ved å laga ei innskrift i stammen til et hasseltre som står ved vegen ho vil ta. Tittelen viser til symbiosen av trea hasselnøtt og kaprifol som vil døy om dei blir skilde, noko Tristan og Isolde gjer: «Ni moi sans vous, ni vous sans moi.» («Verken meg utan deg eller du utan meg.») Episoden minnar om ei høvisk forteljing som då Tristan nytta utskjeringar i tre som han la i elvestraumen som signal for å ha stemnemøte i slottshagen til kong Mark.

Det finst også to Tristan-skrifter frå 1100-talet kalla Folie Tristan, identifisert som Oxford- og Bern-versjonar av anglo-normanniske dikt. Desse handlar om Tristan si reise tilbake til kong Mark sitt hoff i forkleding som, eller verkeleg som, sinnssjuk og ein narr. Han levre då ei tid som kjærleiksbesatt under trappa til Isolde for å vera nær henne, gal om dagen, men som seg sjølv om natta. Til sist blir han oppdaga og må flykta att.[9]

Den store trouvère Chrétien de Troyes hevda sjølv å ha skrive ei Tristan-forteljing, men ingenting av dette har noensinne blitt funnet. Han nevner dette i sin innledning til Cligès, en romanse som er blitt tolket som en form for anti-Tristan med en lykkelig avslutning. En del forskere har spekulert om hans Tristan-fortelling ble dårlig mottatt og kritisert, noe som førte til at Chretien skrev Cligès – en fortelling uten noen form for walisisk eller irsk forløper – for å gjøre opp for seg.[10]

Engelsk[endre | endre wikiteksten]

Aubrey Beardsley sin illustrasjon til Malorys Le Morte d'Arthur

Den eldste, fullstendige kjelda av Tristan-tekster på engelsk var Sir Tristrem, ein romanse på rundt 3344 linjer skriven rundt år 1300. Denne er bevart i Auchinleck-manuskriptet som finst ved Det nasjonale biblioteket i Skottland. Denne forteljinga følgjer i stor grad den høviske tradisjonen. Som med mange andre engelske tilpasninger av franske arturtekster frå mellomalderen er den kunstnariske prestasjonen i diktet av nokså middelmådig art, mein ein del forskarar har prøv å rehabilitera det ved å hevda at det eigentleg er ein parodi. Den første redaktøren av teksten var sir Walter Scott, som la til ei avslutting på seksti ekstra linjer. Desse er tekne med i alle nyare utgjevingar.[11]

Ein meir interessant engelsk mellomalderversjon av Tristan-legenda finst i Thomas Malory sitt verk Le Morte d'Arthur (Arthurs død). Denne teksten, The Book of Sir Tristram de Lyones, er ei forkorta omseting eller omarbeiding av den tilsvarande teksten i Prosa-Tristan.

Norden[endre | endre wikiteksten]

Broder Robert sin versjon, Soga om Tristram og Isond, er ei riddarsoge som blei bestilt av kong Håkon Håkonsson og truleg utført ved Lyse kloster nær Bergen.[12] Populariteten til det norske verket førte til en ganske unik islandsk parodi, Saga Af Tristram ok Ísodd, og til diktet Tristrams kvæði. I samlinga av norrøne prosaomsetjingar av Marie de France sine lais, kalla Strengleikar, er to lais med arturiansk bevarte. Ein av dei er «Chevrefoil», omsett som «Geitarlauf». Også Soga om Fridtjov den frøkne (ca. 1300) er prega av forteljinga om Tristan og Isolde, med kjærleiksintrigen mellom Fridtjof, Ingebjørg og den første ektemannen hennar, gamle kong Ring.[13]

På 1800-talet har forskinga vist at Tristan-legendene hadde spreidd seg over hele Norden, frå Danmark til Færøyane etter først å ha kome til Norge. Desse forteljingane hadde då endra seg mykje over tid frå utgangspunktet. I eun dansk ballade hadde til dømes Tristan og Isolde blitt til bror og syster. Andre usannsynleg nyvinningar kom til i to populære billigutgjevingar på slutten av 1700-talet som En tragoedisk Historie om den ædle og tappre Tistrand, der Isolde er blitt til indisk prinsesse. I nyare tid har den norske diktaren Stein Mehren prøvd å gå tilbake til den opphavleg kjærleiksdragninga til paret: «deres lengsler ble blinde akkorder / som ilte mot dem fra alt de berørte, til de / ble alt de berørte».[14]

Hollandsk[endre | endre wikiteksten]

Eit fragment på 130 linjer av ein nederlandsk versjon av Thomas d'Angleterres versjon er bevart i eit manuskript i Wien ved det austerrikske nasjonalbiblioteket.

Walisisk[endre | endre wikiteksten]

Ei kort forteljing om Tristan, kanskje beslekta med Béroul sin tekst, finst i seks walisiske manuskript frå slutten av 1500-talet og fram til midten av 1600-talet.

Spansk[endre | endre wikiteksten]

På midten av 1300-talet skreiv «Arcipreste de Hita» (eigentleg Juan Ruiz) ein versjon av forteljinga i Spania. Carta enviada por Hiseo la Brunda a Tristán; Respuesta de Tristán[15] var en unik romanse fra 1400-tallet skreven i form av fiktive brev mellom dei to karakterane. Deretter var det utgjeve ein kjend spansk versjon av den franske Prosa-Tristan, Libro del muy esforzado caballero Don Tristán de Leonís y de sus grandes hechos en armas, først gang utgjeven i Valladolid i 1501, deretter utgjeven på nytt i Sevilla i åra 1511, 1520, 1525, 1528, 1533 og 1534. I tillegg vart ein del andre skapt, Tristán el joven («Den unge Tristan»), og som handlar om son til Tristan, Tristan av Leonis, og som har relativt lite med den opprinnelege fortellinga å gjere.[16]

Tysk og tsjekkisk[endre | endre wikiteksten]

Det fanst ein romanse på vers på morsmålet i Tsjekkia frå 1200-talet, basert på dei tyske Tristan-dikta av Gottfried von Strassburg, Heinrich von Freiberg og Eilhart von Oberg. Det er den einaste kjende utgåva på vers av forteljinga på eit slavisk språk.[17]

Italiensk[endre | endre wikiteksten]

Soga om Tristan blei svært populær i Italia. Mange cantari, munnlege dikt som blei framført på torg i byane, hanndlar om Tristan:

  • Cantari di Tristano
  • Due Tristani
  • Quando Tristano e Lancielotto combattiero al petrone di Merlino
  • Ultime impresse e morte Tristano
  • Vendetta che fe messer Lanzelloto de la Morte di Mister Tristano

Det fanst fire ulike versjonar av Prosa-Tristan i Italia i mellomalderen. Dei fleste har namn etter staden der dei blei skrivne eller etter biblioteket der dei blei funne att: [18]

  • Tavola Ritonda
  • Tristano Panciaticchiano
  • Tristano Riccardiano
  • Tristano Veneto

Kviterussisk[endre | endre wikiteksten]

Den kviterussiske (eller gammallitauiske) prosateksten Povest Trychane representerer den austlegaste spreiinga av legenda, og ettersom denne blei skriven på 1560-talet er han rekna av forskarar som den siste mellomalderteksten (etter tradisjonen) om Tristan eller kong Artur.

Slektskapet til denne teksten går tilbake til Tristano Veneto frå Venezia. Bystaten kontrollerte på denne tida store delar av det geografiske området der det blei snakka serbokratisk, noko som førte til framveksten av større litterær aktivitet der enn i andre område på Balkan på denne tida. Manuskriptet til Povest Trychane skal vera omsett frå eit (tapt) serbisk mellomledd. Forskarar går ut frå at soga må ha reist frå Venezia over koloniane på Balkan før ho nådde fram til den siste utposten i aust.[19]

Moderne utformingar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha blitt bortimot oversett i rundt tre hundreår fekk den arthurianske litteraturen ein renessanse i britisk litteratur på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Tekstmaterialet om Tristan frå denne tida omfattar Alfred Tennysons The Last Tournament ('Den siste turneringa'), frå Idylls of the King; Matthew Arnolds Tristram and Iseult og Algernon Swinburnes episke dikt Tristram of Lyonesse. Etter den andre verdskrigen kom dei fleste Tristan-tekstane i form av prosaromanar eller noveller. Romanforfattaren Thomas Berger gjenfortalde soga om Tristan og Isolde i si fortolking av den arthurianske soga frå 1978, Arthur Rex: A Legendary Novel.

Arthur Quiller-Couch, ein forfattar frå Cornwall, byrja på romanen Castle Dor, ei gjenforteljing av Tristan og Isolde-myta i moderne omggjevnader med ein krovert i rolla som kong Mark. Kona hans var Isolde og ein bretonsk laukseljar hadde rolla som Tristan. Boka blei etterlaten ufullført då Quiller-Couch døydde i 1944, men blei fullført i 1962 av Daphne du Maurier etter påtrykk frå familien hans.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Ludwig og Malvina Schnorr von Carolsfeld som Tristan og Isolde i Wagner sin operaversjon frå 1865.

På 1800-talet komponerte Richard Wagner operaen Tristan und Isolde, i dag rekna som eit av dei mest innverknadsrike musikkstykka frå dette hundreåret. I verket hans er Tristan portrettert som ein fordømt romantisk figur. Komponistar frå 1900-talet har også nytta legenda, ofte med wagnerske overtoner, i sine verk. Olivier Messiaen bygde sin Turangalila-symfoni rundt forteljinga. Hans Werner Henze sin Tristan lånte fritt frå Wagner-versjonen.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga er også blitt filmatisert fleire gonger.[20] Den tidlegaste var truleg den franske filmen Tristan et Yseult frå 1909, ein tidleg stumfilm basert på eit resyme av forteljinga.[21] To år seinare kom ein ny fransk film med same tittel og ei særeiga utviding av soga. Her er det den sjalu slaven til Tristan, Rosen, som lurer paret til å drikka kjærleiksdrikken og deretter klager på dei til kong Mark. Kongen får medynk for dei to elskande, men de tar livet av seg likevel.[21] Ein tredje fransk stumfilm kom i 1920 og følgde legenda ganske tett.[21]

Ein av dei mest roste og samtidig mest kontroversielle Tristan-filmane var L'Éternel Retour (Den evige tilbakekomst, 1943), regissert av Jean Delannoy med filmmanus av Jean Cocteau. Det er ei samtidig gjenforteljing av soga med ein mann kalla Patrice som Tristan som skaffar ei kone til venen sin Marke. Ein vondskapsfull dverg lurar paret til å drikka ein kjærleisdrikk, og den kjende handlinga gjentar seg.[21] Filmen blei spelt inn i Frankrike under Vichy-regimet, og element i filmen reflekterer nazistisk ideologi med den vakre, blonde helten og heltinna, og den stygge, semittiske dvergen. Ikkje berre er dvergar visuelt forskjellige, dei har fått ei langt større rolle enn i dei fleste tolkingar av soga. Dei vondskapsfulle handlingane deira fører til ei rad øydeleggingar for dei elskande, ganske likt slik nazistane framstilte jødar som øydeleggjande stereotypar.

Kate Mulgrew spelte Isolde i Lovespell, her frå 2007

Den spanske filmen Tristana frå 1970 er berre delvis i slekt med Tristan-forteljinga. Rolla som Tristan er gitt til den kvinnelege figuren Tristana, som er nøydd til å ta seg av den aldrande onkelen sin Don Lope, medan ho eigentleg ønskjer å gifta seg med Horacio.[21] Dette blei følgd av ein avantgardisk fransk film, Tristan et Iseult, i 1972, og den irske Lovespell frå 1981, med Nicholas Clay som Tristan og Kate Mulgrew som Isolde.[21] Den populære tyske filmen Feuer und Schwert (Ild og sverd) hadde også premiere i 1981. Denne var svært nøyaktig i høve til den opphavlege forteljinga, men tok ikkje med underhandlinga av Isolde med dei kvite hendene frå Bretagne.[21]

Den franske filmregissøren François Truffaut overførte emnet til si eiga samtid med filmen La Femme d'à côté (Kvinnen ved siden av, 1981), mens den islandske filmen Í skugga hrafnsins (Ravnens skygge, 1988) overførte figurane til Island i mellomalderen. Trausti og Isolde er begge krigarar frå rivaliserande stammar som kjem i konflikt då Trausti drep hovdingen av stammen til Isolde, men ein lokal biskop får til fred og skipar til bryllup mellom dei.[21] Bollywood-regissøren Subhash Ghai overførte forteljinga til det moderne India i musikalen Pardes fra 1997. Indisk-amerikanske Kishorilal er fosterfar for nevøen sin Arjun. Nevøen blir send til India for å lokka den vakre Ganga til å bli brur for Kishorlal sin sjølviske og grunne son Rajiv. Arjun blir sjølv forelska i Ganga, og blir sliten mellom dette og lojalitet til fetteren og onkelen sin. Den franske teiknefilmen Tristan et Iseut frå 2002 er ei grovt omarbeidd utgåve av forteljinga for eit yngre publikum.

Amerikanske Tristan & Isolde frå 2005 blei produsert av Tony Scott og Ridley Scott, skriven av Dean Georgaris og regissert av Kevin Reynolds. Han har amerikanske James Franco og engelske Sophia Myles i hovudrollene. Filmen prøver å gje ei realistisk framstilling av den opphavlege forteljinga, som han følgjer rimeleg nøye. Kjærleiksdrikken er dermed ikkje ein del av handlinga. Filmen har likevel nokre historiske anakronismar, som at irlendarane nytter vikingskip med segl, og ein del særmerke som at den irske kongen er den einaste som snakkar engelsk med irsk aksent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Beyer, Edvard (red.): Verdens litteraturhistorie, bind 2. Oslo 1971, side 289-290. Se også Mortens norskblogg: Saga om Tristram og Isolde – den første romanen på norsk
  2. Eckhoff sin versjon er utgjeven på nytt fleire gonger, både i serien Mesterverk fra verdenslitteraturen (1973; ISBN 82-05-05637-4) og i Thorleif Dahls Kulturbibliotek (1997; ISBN 82-03-26134-5; ebok).
  3. Beyer, Edvard (red.): Verdens litteraturhistorie, bind 2. Oslo 1971, side 292.
  4. I følgje Beyer, Edvard (red.): Verdens litteraturhistorie, bind 2, side 292, blir dei gravlagd side ved side i koret og ein bjørnebærranke veks frå Tristan si grav og over til Isolde si.
  5. Gantz, Jeffrey (omsetjar): Culhwch and Olwen, fra The Mabinogion, Penguin, 18. november 1976. ISBN 0-14-044322-3
  6. 6,0 6,1 6,2 Gregory, Stewart (oversetter): Thomas of Britain, Roman de Tristan, New York: Garland Publishers, 1991. ISBN 0-8240-4034-1
  7. 7,0 7,1 Lacy, Norris J. et al.: Gottfried von Strassburg from The New Arthurian Encyclopedia, New York: Garland, 1991.
  8. «Early French Tristan Poems», i Norris J. Lacy (red.): Arthurian Archives, Cambridge, England; Rochester, NY: D.S. Brewer, 1998. ISBN 0-8240-4034-1
  9. Lacy, Norris J. (red.): Arthurian Archives: Early French Tristan Poems. Cambridge (England); Rochester, NY : D.S. Brewer, 1998. ISBN 0-8240-4034-1
  10. Lacy, Norris J. (red.) (et al.): Cliges fra The New Arthurian Encyclopedia. New York : Garland Publishing, 1991.
  11. Kalamazoo, Alan Lupak (red.): Lancelot of the Laik and Sir Tristrem. Michigan: Medieval Institute Publications. 1994.
  12. Francini, Marusca: The Saga af Tristram ok Ísodd: an Icelandic reworking of Tristrams saga[daud lenkje] (PDF-fil) Università degli Studi di Pavia. Side 251 (fotnote 2)
  13. Jónas Kristjánsson. Eddas and sagas, Iceland's Medieval Literature. Translated by Peter Foote. Hið íslenska bókmenntafélag, 2007. ISBN 978-9979-66-120-5
  14. Mehren, Stein: Tristan og Isolde
  15. Corfis, Ivy A. (1985): Diego de San Pedro's Tractado de amores de Arnalte y Lucenda: a critical edition, Tamesis, Google Books
  16. Lacy, N. J. (et al.): Carta enviada por Hiseo la Brunda Tristan; Repuesta de Tristan fra The New Arthurian Encyclopedia. New York : Garland Publishing, 1991.
  17. Lacy, N. J. (et al.): Czech Arthurian Literature fra The New Arthurian Encyclopedia. New York : Garland Publishing, 1991.
  18. The New Arthurian Encyclopedia. Lacy, N. J. (et al.). New York : Garland Publishing. 1991.
  19. Kipel, Z.: The Byelorussian Tristan. New York : Garland Publishing, c1988. ISBN 0-8240-7598-6
  20. Filmar med tittelen Tristan and Isolde ved Internet Movie Database
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 21,5 21,6 21,7 Harty, Kevin J.: «Arthurian Film», frå Camelot Project ved Universitet i Rochester An Arthuriana / Camelot Project Bibliography

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tristan og Isolde