Rigmor Kofoed-Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rigmor Kofoed-Larsen
Fødd22. mars 1944
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar

Rigmor Maria Kofoed-Larsen, fødd Johnsen, (fødd 22. mars 1944) er ein norsk sjukepleiar og politikar frå Halden. Ho representerte Oppland og Kristeleg FolkepartiStortinget perioden 1997-2001.

Foreldra til Kofoed-Larsen var fabrikkeigarar i Halden. Etter ymse skulegang i heimbyen, gjekk ho 1966-69 på Statens Sykepleierskole i Oslo. Dei neste tre åra arbeidde ho ved nevrokirurgisk avdeling på Rikshospitalet. Frå 1973 var ho tilsett ved Fylkessjukehuset i Lillehammer, seinare jobba ho i heimesjukepleia i Lillehammer kommune.

Kofoed-Larsen var kommunestyremedlem i Lillehammer 1976-83 og på ny 1987-95, i til saman åtte av desse åra hadde ho plass i formannskapet. Valperioden 1995-99 var ho fylkestingsmedlem i Oppland, med plass i fylkesutvalet. Hausten 1997 vart ho vald inn på Stortinget, der ho i fire år var medlem i Samferdslekomiteen. Ho lukkast ikkje verte attvald i 2001. Kofoed-Larsen var 1991-97 sentralstyremedlem i Kristeleg Folkeparti og 2002-06 leiar for Kristelig Folkeparti-kvinnene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]