Rigo Star

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rigobert Bamundele, best kjend som Rigo Star,[1] er ein gitarist og komponist frå DR Kongo busett i Paris.

Star speler soukousmusikk. Han har spelt med fleire soukous- og verdsmusikkgrupper, mellom anna Papa Wemba si Viva La Musica, Bozi Boziana si Anti-Choc, Kanda Bongo Man, Koffi Olomide, Kelele, Kékélé og Paul Simon. Namnet hans er særleg knytt til den kongolesiske songaren M'bilia Bel, som han samarbeidde med gjennom 1990-talet.[2] Han har også gjeve ut ein del soloverk, mellom anna albumet Attention! frå 1998 med Sam Mangwana på vokal.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Got the Feeling (1997)[4]
  • Attention! (1998)[5]
  • Ne refuse pas (1985)[6]

Med M'bilia Bel[endre | endre wikiteksten]

  • Phénomène (1988)
  • Ironie (1993)

Med Koffi Olomide[endre | endre wikiteksten]

  • Aia ai ai la bombe eclate[7]

Med Bozi Boziana si Anti-Choc[endre | endre wikiteksten]

  • Coupe Monte[8]
  • Pere Noel Confiance[8]

Med Paul Simon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kan lett forvekslast med Ringo Starr. Det finst døme på at namne til Rigo Star er blitt stava «Ringo», til dømes i heftet til Paul Simon sitt album The Rhythm of the Saints, og på Star sitt eige album Ne refuse pas.
  2. Kekele
  3. Stephin Merritt, Rigo Star and Ringo Starr
  4. Got the Feeling at Amazon
  5. Attention! at Amazon
  6. Ne refuse pas
  7. Aia ai ai la bombe eclate
  8. 8,0 8,1 «The Beat vol. 3». Arkivert frå originalen 2010-08-10.