Riiser-Larsenhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Riiser-Larsenhavet is located in Antarktis
Riiser-Larsenhavet
Riiser-Larsenhavet (Antarktis)

Riiser-Larsenhavet er eit randhav i Sørishavet. Det ligg mellom Lazarevhavet i vest og Kosmonauthavet i aust, eller mellom 14 °E og 30°E. Nordgrensa er definert til å vere 65 ºS. Det meste av havområdet er meir enn 3000 meter djupt. Det er dekt av drivis året rundt og dekkjer eit område på 1 138 000 km².[1]

Sørkysten av Riiser-Larsenhavet er Prinsesse Astrid Kyst og Prinsesse Ragnhild Kyst i Dronning Maud Land. I vest ligg Lazarev isbrem og lengst aust ligg Erskine ishamn og Godel ishamn, i tillegg til den tidlegare belgiske Roi-Baudouin-stasjonen.

Riiser-Larsenhavet er kalla opp etter den norske flypioneren og polfararen Hjalmar Riiser-Larsen (1890–1965).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]

Koordinatar: 68°00′S 22°00′E