Ring 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merkinga av ring 2
Ring 2 med Ullevål sykehus på venstre side.
Tilkoplinga mellom Ring 2 og Europaveg 6 (den store firefeltsvegen) i Lodalen. Vålerenga kyrkje er å sjå i bakgrunnen.

Ring 2, som òg vert kalla Kirkeveiringen, er ei gjennomfartsåre mellom Skøyen og Lodalen i Oslo som er sett saman av heile eller delar av einskilde gater og vegar: Drammensveien - Halvdan Svartes gate - Kirkeveien - Griffenfeldts gate - Marcus Thranes gate - Christian Michelsens gate - Finnmarkgata - Kjølberggata - Åkebergveien - St. Halvards gate - Kværnerveien.

Ring 2, som er meir ein boge enn ein ring, er 9,7 km lang. Tidlegare var dette ein statleg riksveg med nummeret 161, men strekninga vart kommunal etter forvaltningsrevisjonen 1. januar 2010.

Ofte vert Ring 2 rekna som ei ytre grense for det indre byområdet, mellom anna når det gjeld tiltak og restriksjonar for å redusere luftforureininga i indre by.