Vålerenga kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°54′24″N 10°47′16″E

Vålerenga kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Oslo Domprosti
Sokn Vålerenga
Fellesråd Oslo
Arkitekt Holger Sinding-Larsen og
Heinrich Jürgensen
Innvigd 1902/1984
Wikimedia Commons: Vålerenga kirke

Vålerenga kyrkje er bygd i grå granitt med klebersteinsdetaljar, arkitektar er Heinrich Jürgensen og Holger Sinding-Larsen. Ho ligg på Vålerenga i Oslo og blei vigsla i 1902. Ho har eit asymmetrisk plassert tårn, og var den første i Oslo med eit slikt tårn. Kyrkja brann i 1979, berre ytterveggene i stein stod attende. Mellom anna gjekk fresko- og glasmåleri av Emanuel Vigeland tapt. Kyrkja blei vigsla på nytt etter omfattande gjenoppbygging i 1984. Nytt glasmåleri av Håkon Bleken og ei frise av Emanuel Vigeland.

Brannen er tema for songen «Vålerenga kjerke» av Trond Ingebretsen, spela inn med Bjølsen Valsemølle. Songen blir sungen før avspark av tilhengjarane på Vålerenga Fotballs heimekampar.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Vålerenga kyrkje er eit kulturminne og har nummer 85886 i Riksantikvarens kulturminnebase.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]