Drammensveien i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Drammensveien ved Skillebekk.

Drammensveien i Oslo er ei gate frå Solli plass og fram til Vækerøkrysset på Europaveg 18 mellom Oslo og Drammen, rett før europavegen krysser grensa mot Bærum kommune.

Langs Drammensveien ligg det både kontor- og bustadbygningar av ulik alder og ulike storleikar, og dessutan mange gamle frittliggjande villaer som med tida er teke i bruk til anna enn bustadsføremål. Mellom anna vert mange av villaene nytta som ambassadar og som husvære (residens) for ambassadørar, og ein av villaene hyser Det Norske Videnskapsakademi. I stroket i nærleiken av Skøyen, langsmed jarnbanelina for Drammensbanen, var det tidlegare viktig mekanisk industri og eit betongstøyperi, men dei gamle produksjonslokala og tomtene er no anten teke i bruk til andre føremål eller erstatta med bustads-, kontor- og forretningsbygningar.

Opphavleg byrja Drammensveien ved Stortingsbygningen og gjekk over Skøyen og Lysaker som hovudveg (landeveg) mellom Oslo og Drammen gjennom kommunane Bærum, Asker og Lier, og fleire hundre eigedomar hadde nummer til Drammensveien. Men utanfor Oslo er Drammensveien seinare oppstykka av vegomlegging og anna vegbygging, ikkje minst av utbygginga av motorvegen Europaveg 18, og attverande strekningar gjeve nye namn.

I Oslo er òg den opphavlege Drammensveien oppstykka og gjeve nye namn, men utan at traseen er monaleg endra. Frå Wessels plass attmed Stortingsbygningen og fram til krysset med Frederiks gate ved søraustre hjørnet av Slottparken, fekk den opphavlege Drammensveien namnet Stortingsgata i samband med at Stortingsbygningen vart reist, og frå 1. mai 2006 fekk strekninga mellom Frederiks gate og Solli plass namnet Henrik Ibsens gate for å heidre den store diktaren ved å gje ein presentabel gate hans namn. (Det kongelege slottet, som til dess hadde hatt adressa Drammensveien 1, fekk då adressa Henrik Ibsens gate 1. Seinare har Slottet fått adressa Slottsplassen 1).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]