Rinnat Safin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rinnat Safin
Verkeleg namn Риннат Ибрагимович Сафин, Rinnat Ibragimovitsj Safin
Fødd 29. august 1940
Q18767839
Død

22. oktober 2014
Kirishsky District

Yrke skiskyttar

Rinnat Ibragimovitsj Safin (29. august 194022. oktober 2014) var ein sovjetisk skiskyttar frå Bolsjije Jaki i Zelenodolskij i Tatarstan. Han vann fem internasjonale stafett-gull og eitt individuelt VM-sølv i tida 1967-73.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Safin debuterte internasjonalt med ein fjerdeplass på 20 km under VM i skiskyting 1967 i austtyske Altenberg, før han i same meisterskapen fekk VM-sølv i 4 x 7,5 km stafett. Han deltok ikkje i Vinter-OL 1968.

Under VM i skiskyting 1969 var han nær ved å i vinne den individuelle tevlinga, men kom 2,8 sekundar for seint til å tukte lagkameraten Aleksandr Tikhonov. Safin fekk så æra av gå Sovjetunionen inn til suveren siger på stafetten, hans fyrste av fire VM-gull i stafettøvinga. Det andre og det tredje stafettgulla kom i dei etterfylgjande verdsmeisterskapane i Östersund og i Hämeenlinna, og alle tre gongane i lag med Tikhonov og Viktor Mamatov. Under meisterskapen i Hämeenlinna i 1971 vart Safin elles nummer fem i den individuelle øvinga.

Trass i ein heller svak prestasjon på 20 km i vinterleikane 1972 i Sapporo, fekk Safin gå ein av etappane i 4 x 7,5 km stafett og vart olympisk meister med det sovjetiske laget som vann framom Finland og Aust-Tyskland, og atter på lag med Tikhonov og Mamatov. I sin siste meisterskap, VM 1973 i Lake Placid i USA, fekk han sitt femte internasjonale stafett-gull og si sjette stafettmedalje, alle saman vunne på lag med Aleksandr Tikhonov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]