Risøyhamn
Utsjånad
Risøyhamn | |||
tettstad | |||
Risøyhamn vinterstid.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Andøy | ||
Areal | 0 km² | ||
Folketal | 0 (2023) | ||
Folketettleik | Divisjon med null / km² | ||
Postnummer | 8484 RISØYHAMN | ||
Preposisjon | i Risøyhamn | ||
Risøyhamn 68°58′21″N 15°38′13″E / 68.9725°N 15.636944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Risøyhamn |
Risøyhamn er ein mindre tettstad som ligg søraust på Andøya i Vesterålen. Staden ligg i Andøy kommune i Nordland. I Risøyhamn er det hamn med moderne kaianlegg som kan ta imot større fartøy.
Risøyhamn har to daglege vitjingar av Hurtigruta. Her ligg også den 750 meter lange Andøybrua, som går over Risøysundet og bind Andøya saman med Hinnøya.
Risøyhamn er det sørlege utgangspunktet for Risøyrenna, som vart opna i 1922 og som er 4,8 km lang. Risøyrenna gjer det mogleg for større fartøy å passere mellom Andøya og Hinnøya, og vart utvida i 2001.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen byggjer på «Risøyhamn» henta frå Wikipedia på bokmål 27. mai 2005.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Andøy Historielag om Risøyhamn Arkivert 2009-06-28 ved Wayback Machine.Denne Nordlandartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.