Roanne
Roanne | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Loire |
Geografi | |
Flatevidd | 16,12 km² |
Flatevidd - By |
16,12 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
38 896 2 413/km² |
Koordinatar | 46°02′N 04°04′E / 46.033°N 4.067°E |
Høgd over havet | 279 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 42300 |
Heimeside: www.mairie-roanne.fr |
Roanne er ein by og kommune aust i sentrale delar av Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Loire i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 90 km nordvest for Lyon ved elva Loire.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Roanne er kjend for gastronomi, tekstilar, jordbruk og for produksjon av stridsvogner.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet har keltisk opphav, Rod-Onna («rennande vatn»), som vart Rodumna, så Rouhanne og Roanne. Byen låg ved eit strategisk punkt ved Loire, nedanfor dei smale gjela ho renn gjennom. På 1100-talet kom byen inn under comte du Forez og byen byrja å utvikle seg. Ein veg over land førte til Lyon og elva Rhône, og Roanne vart så ein omlastingsstad mellom Paris og Middelhavet i tida då vassvegane var viktige transportårer. Halvparten av innbyggjarane i byen var avhengige av denne elvetransporten på 1600- og 1700-talet.
Roanne vart ein av dei første byane som fekk jernbane, og han opna 15. mars 1833. Vidare vart kanalen mellom Roanne og Digoin opna i 1838, og byen vart ein av dei leiande byane i den franske industrielle revolusjonen.
I 1917 vart det oppretta eit arsenal i Roanne, og frå 1940 vart ny industri utvikla, som produserte rayon (kunstfiber) og andre nye fibrar. Då industriverksemda vart fasa ut på 1970-talet sleit byen med å finne ny industri og trekke til seg turisme.