Robert McNamara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert McNamara
Robert McNamara official portrait.jpg
Fødd 9. juni 1916
San Francisco
Død

6. juli 2009
Washington

Verv Forsvarsminister i USA
Periode 21. januar 1961–29. februar 1968
Føregjengar Thomas S. Gates
Etterfylgjar Clark Clifford
Verv President for Verdsbanken
Periode 1. april 1968–30. juni 1981
Føregjengar George David Woods
Etterfylgjar Alden W. Clausen
Robert McNamara på Commons

Robert Strange McNamara (9. juni 19166. juli 2009) var ein USA-amerikansk næringsdrivar og politikar, fødd i San Francisco i California. Han var forsvarsminister i USA i tida 1961-68. Deretter var han leiar for Verdsbanken frå 1968 til 1981.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

McNamara tok eksamen i økonomi og filosofi ved Berkeley-universitetet i 1937. Etter studiane arbeidde han hos revisjonsfirmaet Price Waterhouse og byrja i 1940 som forskarassistent ved Harvard-universitetet. Under andre verdskrigen melde han seg til teneste i flyvåpenet. Der utvikla han matematiske modellar til bombing av japanske byar med fosforbomber, med mål om å auke sprengkrafta, utan at produksjons-kostnadane auka.

I 1946 byrja McNamara å arbeide for Ford Motor Company, fyrst med ansvar for finansanalysane. Ganske fort steig han til alt høgare posisjonar i selskapet. Han har fått mykje av heideren for den veksten Ford oppnådde i tida etter verdskrigen. I 1960 vart han den fyrste nestkommanderande i Ford Motors som ikkje var Ford-ætling.

Få veker etter at McNamara tok til i toppstillinga i Ford Motors, baud presidenten i USA, John F. Kennedy han posisjonen som finansminister eller forsvarsminister i si regjering. McNamara var i tvil, men let seg overtale til å verte forsvarsminister. Frå 1964 var han ein av dei drivande aktørane då USA auka sitt engasjement i borgarkrigen i Vietnam, og byrja sende sende fleire og fleire USA-amerikanske troppar til landet og auka bombetokta. I 1967 gjorde McNamara framlegg både om å slutte med sende å endå fleire militære styrkar til Vietnam, og å innstille bombinga av Nord-Vietnam og trekke USA ut av maktstridane i Sør-Vietnam. McNamara hadde då mist trua på sine tidlegare taktiske vurderingar, og gjekk av som forsvarsminister den 29. februar 1968.

Like etter tok McNamara over som sjef for Verdsbanken. I posisjonen som verdsbanksjef stod han for store utlån til land i den såkalla Tredje verda, mellom anna til store damprosjekt. Tanken bakom dei store låna var at landa skulle verte moderniserte og utviklast frå å vere dominerte av jordbruk, til å verte industribaserte. Låna førte derimot i mange tilfelle til stor og øydeleggjande statsskuld.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]