Hopp til innhald

Robert Nisbet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Nisbet

Fødd30. september 1913
Los Angeles
Død9. september 1996
Washington
NasjonalitetUSA
Yrkesosiolog, pedagog, universitetslærar, filosof
InstitusjonarUniversity of California, Riverside
University of California, Berkeley
Universitetet i Arizona
Alma materUniversity of California, Berkeley
DoktorgradsrettleiarFrederick John Teggart
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Robert Alexander Nisbet (30. september 19139. september 1996) var ein amerikansk sosiolog, professor ved University of California, Berkeley, rektor for University of California, Riverside og Albert Schweitzer-professor ved Columbia University.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Robert Nisbet blei fødd i Los Angeles i 1913. Han voks opp med tre brør og ei søster[1] i Maricopa County,[2] der far hans dreiv eit tømmerlager.

Studiar ved Berkeley enda i ei doktoravhandling i sosiologi i 1939. Ved Berkeley «fann Nisbet et kraftfullt forsvar for institusjonar på mellomnivå i 1800-talet si europeiske konservative tenking. Nisbet såg i tenkarar som Edmund Burke og Alexis de Tocqueville—så godt som ukjende i den amerikanske akademiske verda—eit argument for det han kalte  'konservativ pluralisme.'»[2]

Han fekk ansettelse der i  1939.[1] Etter teneste i den amerikanske hæren under andre verdskrigen, då han var stasjonert på Saipan i Stillehavet, grunnla Nisbet det Sosiologiske fakultet ved Berkeley, og var ei kort tid leiar der. Nisbet forlet eit kaotisk Berkeley i 1953 for å bli dekan for University of California i Riverside, og seinare rektor. Nisbet blei ved University of California til 1972, og flytta så til University of Arizona i Tucson. Kort deretter blei han utnemnd til det prestisjefylte Albert Schweitzer-professoratet ved Columbia University.

Etter pensjonering frå Columbia i 1978 fortsette Nisbet det vitskaplege arbeidet sitt i åtte år ved American Enterprise Institute i Washington D.C. I 1988 bad president Reagan han om å halde Jefferson-foredraget innan humaniora, sponsa av National Endowment for the Humanities.

Robert Nisbett døyde ved 82 års alder i Washington, D.C.

Nisbets første viktige verk, The Quest for Community (1953) hevda at moderne sosialvitskapleg individualisme fornekta ei viktig menneskeleg hengjevnad mot fellesskap ved å etterlate menneske utan støtte frå kvarandre, for å motvirke statens sentraliserande tendens.

Ein ser på han som etterfølgar etter Emile Durkheim i forståinga av moderne sosiokulturelle system og deira tendens.[3] Nisbet, som ofte er blitt identifisert med høgresida, begynte karrieren som venstresinna, men seier seg seinare å ha blitt omvenda til ein slags konservativ filosofi.[4]

Han interesserte seg særskilt for framstegstanken i historie og innverknad.[5]

Nisbet engasjerte seg i mange forskjellige velgjerande organisasjonar og grunnla også nokon sjølv.

Han medverka i tidsskriftet Chronicles.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Thomas Woods: Twilight of Conservatism, The American Conservative 2005-12-05.
  2. 2,0 2,1 Susan McWilliams: Hometown Hero, The American Conservative 2010-02-01.
  3. Frank W. Elwell: Macrosoiology: The Study of Sociocultural Systems. P. 169. Lewiston 2009, Mellen Press.
  4. Robert Nisbet: The Quest For Community, 1953.
  5. Robert Nisbet: "Idea of Progress: A Bibliographical Essay," Literature of Liberty: A Review of Contemporary Liberal Thought, Vol. II (1979), No. 1.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1953.  The Quest for Community:  A Study in the Ethics of Order and Freedom
  • 1966.  The Sociological Tradition
  • 1968.  Tradition and Revolt: Historical and Sociological Essays
  • 1969.  Social Change and History: Aspects of the Western Theory of Development
  • 1970.  The Social Bond: An Introduction to the Study of Society
  • 1971.  The Degradation of the Academic Dogma: The University in America, 1945–1970
  • 1976.  Sociology as an Art Form
  • 1973.  The Social Philosophers: Community and Conflict in Western Thought
  • 1974.  The Sociology of Emile Durkheim
  • 1975.  The Twilight of Authority
  • 1980.  History of the Idea of Progress
  • 1983.  Prejudices: A Philosophical Dictionary
  • 1986.  The Making of Modern Society
  • 1986.  Conservatism: Dream and Reality
  • 1988.  Roosevelt and Stalin: The Failed Courtship
  • 1992.  Teachers and Scholars: A Memoir of Berkeley in Depression and War

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
Bøker om Nisbet
  • Gordon, Daniel. "The Voice of History within Sociology: Robert Nisbet on Structure, Change, and Autonomy," Historical Reflections (2012) 38#1 pp. 43-63
  • Stone, Brad Lowell (2000). Robert Nisbet: Communitarian Traditionalist, ISI Books.
Artiklar om Nisbet
  • Nagel, Robert F., 2004, "States and Localities: A Comment on Robert Nisbet's Communitarianism," Publius, Vol. 34, No. 4.