Saipan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saipan
øy
none
Land Flag of the United States.svg USA
Region Stillehavet
Distrikt Marianane
Folketal 48 220 (2010)
Mariana Islands - Saipan.PNG
Wikimedia Commons: Saipan

Koordinatar: 15°11′N 145°45′E

Saipan er ei øy i Mikronesia vest i Stillehavet som tilhøyrer dei USA-styrte Nord-Marianane. Administrasjonen av øyane ligg på Capital Hill på Saipan, og øya blir derfor som oftast rekna som hovudstaden i øygruppa.

Utsyn over nordlege Saipan.
Kart over Saipan.

Saipan er 115 km² stor, og er den nest største øya i Marianane etter Guam. Øya har rundt 48 0000 innbyggjarar (2010).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya blei opphavleg folkesett av malayopolynesarar som tala chamorro. Dei reiste ei rekkje lattesteinar.

I 1521 kom dei første europearane som kom til øya var mannskapet på «Trinidad», skipet tidlegare styrt av Fernão de Magalhães. Spania la formelt øya under seg i 1668 og kalla henne San José. I 1720 blei dei opphavlege innnbyggjarane, som allereie var sterkt reduserte av innførte sjukdommar og konfliktar, tvangsflytta til Guam. Tidleg på 1800-talet kom mange karolinarar frå Satawal til øya med påfølgjande tap av eigedom for det opphavlege chamorrofolket.

Saipan blei okkupert av USA i 1898, etter den spansk-amerikanske krigen. Spania selde øya til Tyskland i 1899, og ho blei del av Tysk Ny-Guinea.

Under første verdskrigen blei Saipan okkupert av japanske styrkar, og ho blei offiselt del av Det japanske stillehavsmandatet i 1918. Tusentals japanarar slo seg ned på øya, og det blei laga sukkerplantasjar og raffineri, hamneområde og vegar her.

Øya blei rekna som ei av dei siste hovudskansane for Japan under andre verdskrigen, og rundt 26 000 soldatar var utstasjonerte her. Etter harde kampar blei dei nedkjempa av USA i 1944. Fleire tusen japanarar tok livet av seg heller enn å bli tekne til fange.[1] Etter verdskrigen blei øya administrert av USA, frå 1978 som del av Nord-Marianane. Dei fleste japanske overlevande blei sende tilbake til Japan.

Den amerikanske hæren laga basar på øya, og blei ein viktig del av økonomien. Turisme har også fått ei aukande rolle. Under USA blei det bygd mange klesfabrikkar her, ofte med utanlandske kontraktarbeidarar. Statusen til øya gjorde det mogleg å produsera klede merkt «Made in USA» utan å følgja ameikanske arbeidsregulasjonar. I 2000-åra braut mkyje av klesindustrien saman, og folketalet på øya blei sterkt redusert då både mange kontraktarbeidarar og innfødde forlét Saipan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Battle of Saipan, historynet.com