Robert Změlík
Utsjånad
| Robert Změlík | |
| Statsborgarskap | Tsjekkia, Tsjekkoslovakia |
| Fødd | 18. april 1969 (57 år) Prostějov |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
| Utmerkingar | Senatets minnemedalje i sølv |
Robert Změlík (fødd 18. april 1969) er ein friidrettsutøvar frå Prostějov i Tsjekkia som vann tikampen under Sommar-OL 1992. Han representerte Tsjekkoslovakia til 1993, sidan Tsjekkia.
Změlík vart fjerdemann i tikamp både i friidretts-EM 1990 og i VM 1991. I 1992-sesongen gjorde han sitt livs beste tikamp då han vann Götzis-tevlinga etter å ha oppnådd 8 627 poeng. Seinare same året vann han den olympisk gullmedaljen i Barcelona-OL, ei 200 poeng føre spanske Antonio Peñalver.
Skadar sette han noko tilbake dei neste sesongane. Han vart nummer sju i Sommar-OL 1996. Våren 1997 vann han sjukamp-tevlinga i innandørs-VM i Paris med 6 228 poeng, hans beste poengsum i den greina. Etter han braut tikampen i VM 1997, la han opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Robert Změlík» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2016.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1969
- Tsjekkiske friidrettsutøvarar
- Tsjekkoslovakiske friidrettsutøvarar
- Mangekjemparar
- Olympiske meistrar for Tsjekkoslovakia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996