Roberto Bolaño

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roberto Bolaño
Roberto bolaño.jpg
Sjablongmåleri av Bolaño på ein vegg i Barcelona
Nasjonalitet chilensk
Fødd 1953
Santiago
Død

2003
Barcelona

Påverka av Beat-poesien
Rørsle Infrarrealismo
Sjanger Roman, noveller, essay og litteraturkritikk
Prisar Premio Rómulo Gallegos, TIME Magazines Book of the year.
Roberto Bolaño på Commons

Roberto Bolaño Ávalos (fødd 28. april 1953 i Santiago, Chile, død 15. juli 2003 i Barcelona, Spania) var ein chilensk forfattar, poet og kritikar. Han blir rekna som ein av dei viktigaste søramerikanske forfattarane i sin generasjon. Bolaño blei fødd og voks opp i Chile, men budde store delar av livet i Mexico og Spania. Som ung støtta han det sosialistiske regimet til Salvador Allende, og i kjølvatnet av statskuppet 11. september 1973 var han åtte dagar i fengsel. Roberto Bolaño sin aktivisme var likevel fyrst og fremst retta inn mot kunsten og litteraturens område. Litterært var han inspirert av dei amerikanske beatpoetane sin anti-materialistiske livsførsel, og som forfattar var han sjølvlært, i den forstand at han aldri fullførte vidaregåande utdanning og heller aldri tok noko høgare utdanning. Ved sidan av skrivinga livnærte han seg gjennom strøjobbar.

Bolaño skreiv innanfor fleire ulike sjangrar, og gav ut både romanar, noveller, dikt, litteraturkritikk og essays. Jamvel om han konsekvent omtalde seg sjølv som poet, er det romanane han har blitt mest kjend for i ettertid, og då spesielt romanane Ville detektiver (1998) og 2666 (2004). Litteraturen hans er kjenneteikna av svart humor, absurde og surralistiske element, metafiksjon og referansar til annan litteratur. I båe romanane nemnd ovanfor blir litteraturen i seg sjølv tematisert, og kritikarar, forfattarar, lærarar, akademikarar og bøker er sentrale for handlinga. Som litteraturkritikar er Bolaño oppteken av arven frå søramerikansk litteratur og forfattarar som til dømes Julio Cortázar og Jorge Luis Borges.

Bolaño mottok ei rad prestisjetunge prisar, mellom anna Premio Rómulo Gallegos for Ville detektiver i 1999 og TIME Magazines Book of the year i 2008 for 2666. Roberto Bolaño døydde av leversvikt 15. juli 2003.[1]

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • La pista de hielo. Barcelona, 1993
  • La literatura nazi en América. Barcelona, 1996
  • El gaucho insufrible. Barcelona, 2003
  • Nocturno de Chile, 2000. Norsk utgåve: Chilensk nokturne, 2007. Omsett av Christian Rugstad
  • Los perros románticos, 1993. Norsk utgåve: De romantiske hundene, 2008. Attdikta av Jan Jakob Tønseth og Kristina Solum
  • Los Detectives Salvajes, 1998. Norsk utgåve: Ville detektiver, 2009. Omsett av Kristina Solum
  • 2666, 2004. Norsk utgåve: 2666, 2015. Omsett av Kristina Solum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Caistor (17. juli 2003). «Obituary: Roberto Bolaño» (engelsk). The Guardian. «Roberto Bolaño, who has died at Blanes in northern Spain of liver failure, aged 50, was one of the most talented and surprising of a new generation of Latin American writers.»  Parameteren |vitja_månad_dag= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |vitjingsår= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
Spire Denne litteraturartikkelen som har med Chile å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.