Hopp til innhald

Jan Jakob Tønseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Jakob Tønseth

StatsborgarskapNoreg
Fødd1. september 1947
Oslo
Død

12. oktober 2018 (71 år)

Yrkeskribent, omsetjar, barnebokforfattar, lyrikar
Medlem avDet Norske Akademi for Språk og Litteratur
PrisarDoblougprisen, Cappelenprisen, Thorleif Dahls pris, Lyttaranes romanpris, Gyldendals legat
Jan Jakob Tønseth på Commons

Jan Jakob Tønseth (1. september 194712. oktober 2018) var ein norsk forfattar, lyrikar og omsetjar.

Tønseth debuterte med diktsamlinga Kimærer i 1971, berre 24 år gammal. Romantrilogien hans om ekskommunisten Hilmar Iversen gav han stor meksemd – (Hilmar Iversens ensomhet (1992), Et vennskap (1997) og Resignasjon og portvin (2002)). Ein modell for denne romanfiguren skal vere onkelen Gunnar Skjeseth, som fall i den spanske borgarkrigen. Romanen Prosten, som kom i 2013, byggjer på preiker og dagboknotat etter morfaren Kristen Skjeseth.

Tønseth er medlem av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Kimærer diktsamling (1971)
  • I denne tid diktsamling, (1974)
  • Synlige dikt diktsamling (1977)
  • Referanser (fjerne og nære) diktsamling (1979)
  • Drømmer og løgner prosatekster (1982)
  • På krigsfot med virkeligheten essaysamling (1984)
  • Antagelser (1984), saman med John David Nielsen (malerier)
  • Lengsel og lede diktsamling (1987)
  • Hilmar Iversens ensomhet roman (1992)
  • Motgift diktsamling (1994)
  • Et vennskap roman (1997)
  • En rar skrue biografi Kjell Aukrust (2000)
  • Resignasjon og portvin roman (2002)
  • Dikteren på terskelen essays (2005)
  • Von Aschenbachs fristelse novellesamling (2006)
  • Fromme vers for enkle sjeler diktsamling (2008)
  • Prosten (2013)
  • Muntre dødsdikt og andre dikt lyrikk (2015)
  • Mellom drøm og nærvær. Dikt i samling lyrikk (2017)

Gjendiktninger

[endre | endre wikiteksten]