Rockeopera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein rockeopera er ei samling rockesongar med tekstar som følgjer ei soge. Rockeopaer er som regel gjevne ut som konseptalbum og er ikkje skrivne for scenen, noko som skil dei frå operaer. Fleire rockeoperaer er likevel blitt tilpassa til rockemusikalar. Bruken av forskjellige roller i songtekstane er eit vanleg forteljargrep. Suksessen til rockeopera som sjanger har inspirert liknande verk i andre musikkstilar, som rap-opera.

Colin Fleming i The Atlantic har identifisert The Story of Simon Simopath (1967) av det britiske psykedelike bandet Nirvana som den første innspelte rockeoperaen.[1] Ofte er S.F. Sorrow (1968) av The Pretty Things rekna som den første rockeoperen.[2] Sjølv om Pete Townshend nekta å ha kjennskap til S.F. Sorrow, har kritikarar ofte samanlikna The Who sin rockeopera Tommy til denne.[2] Tommy inspirerte seinare On and On, ein rap-opera av The Fat Boys[3] og American Idiot, ein punkrock-opera av Green Day.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fleming, Colin (15. november 2011). «The Who Made the Best Rock Opera Ever, but It's Not the One You Think». The Atlantic. Arkivert frå originalen 24. mai 2014. Henta 8. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 Strauss, Neil (3. september 1998). «THE POP LIFE; The First Rock Opera (No, Not 'Tommy')». The New York Times. Henta 8. oktober 2019. 
  3. Wayne, Renee Lucas (5. oktober 1989). «Fat Boys Built To Rap Opera Album Hits Stores Today». Philadelphia Daily News. Arkivert frå originalen 29. mars 2016. Henta 8. oktober 2019. 
  4. Ruggieri, Melissa (29. april 2014). «'American Idiot' brings heart of rock 'n' roll to stage». The Atlanta Journal-Constitution. Arkivert frå originalen 18. mai 2014. Henta 8. oktober 2019.