Tommy av The Who

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tommy av The Who
Studioalbum av The Who
Språk engelsk
Utgjeve 17. mai 1969
Innspelt 19. september 1968 – 7. mars 1969
Studio IBC Studios i London i England
Sjanger
Lengd 75:15
Selskap Decca
Produsent Kit Lambert
Britisk The Who-kronologi 
Direct Hits
(1968)
Tommy av The Who Live at Leeds
(1970)
Amerikansk The Who-kronologi
Magic Bus: The Who On Tour
(1968)
Tommy av The Who Live at Leeds
(1970)
Singlar frå Tommy
  1. «Pinball Wizard»
    Utgjeve: 7. mars 1969
  2. «I'm Free»/«We're Not Gonna Take It»
    Utgjeve: Juli 1969
  3. «See Me, Feel Me»
    Utgjeve: Oktober 1970

Tommy er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut som eit dobbeltalbum den 17. mai 1969 på Track og Polydor i Storbritannia og Decca og MCA i USA. Albumet er nesten utelukkande komponert av gitaristen Pete Townshend og fortel soga om Tommy Walker, ein døv, stum og blind gut som vert leiaren av ei messiasrørsle.

Townshend kom på konseptet til Tommy etter å ha blitt introdusert for læra om arbeidet til Meher Baba, og var eit forsøk på å overføre denne læra til musikk. Innspelinga av albumet byrja i september 1968, men tok seks månader å fullføre sidan materialet måtte arrangert og spelast inn om att fleire gonger i studio. Tommy fekk god kritikk då det kom ut og vart rekna som det store gjennombrotet til The Who. Kritikarane har vore noko mindre entusiastiske i seinare år, men det vert framleis rekna som eit viktig og innverknadstungt album i rockehistoria. The Who marknadsførte albumet med ein omfattande turné, der dei spelte heile Tommy, frå 1969 til 1970. På denne turneen spelte dei mellom anna på Woodstockfestivalen, Isle of Wight-festivalen i 1969, University of Leeds, Metropolitan Opera House og Isle of Wight-festivalen i 1970. Konsertframføringa av Tommy vart sterkt kritikarrost og sparka liv i karrieren deira att.

Seinare har rockeoperaen blitt omforma til andre media, som ein produksjon i Seattle Opera i 1971, ein orkesterversjon av Lou Reizner i 1972, ein film i 1975, og ein Broadwaymusikal i 1992. Det originale albumet har seld 20 millionar eksemplar og blitt innlemma i Grammy Hall of Fame. Det har kome ut på CD fleire gonger, mellom anna i ein nymiks av Jon Astley i 1996, ein luksus Super Audio CD i 2003, og ein superluksus-boks i 2013 med demoar og konsertopptak som ikkje tidlegare var gjevne ut.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

The Who byrja på innspelinga av albumet i IBC Studios den 19. september 1968.[1] Dei hadde ikkje fastslått tittelen på prosjektet på denne tida, så det vart omtalt som mellom anna Deaf, Dumb and Blind Boy, Amazing Journey, Journey into Space, The Brain Opera og Omnibus. Townshend landa til slut på Tommy fordi det var eit vanleg britisk namn og kallenamn på britiske soldatar i første verdskrigen.[2] Lambert tok leiinga for produksjonen, medan Damon Lyon-Shaw var lydteknikar. Studioet var leigd frå 1400 til 2200, men innspelinga varte ofte til seint på natt.[1]

Albumet vart spelt inn på ein åttesporsopptakar som gjorde at forskjellige instrument kunne overdubbast. Townshend brukte fleire gitarar i studio, men mest ein Gibson J-200 akustisk gitar og ein Gibson SG.[3] I tillegg til dei vante instrumenta spelte Townshend piano og orgel og bassisten John Entwistle spelte valthorn. Keith Moon brukte eit nytt trommesett med doble basstrommer som var eigd av scenarbeidaren Tony Haslam, etter Premier hadde nekta å låne han noko meir utstyr fordi han stadig øydela det.[1] Sjølv om Townshend skreiv dei fleste songane, kom arrangementa frå heile bandet. Songaren Roger Daltrey sa seinare at Townshend ofte kom med halvferdige demoinnspelingar, og sa «me brukte sikkert like mykje tid på å prate som me spelte inn musikk, fann ut av arrangementa og slikt.»[4] Townshend bad Entwistle om å skrive to songar («Cousin Kevin» og «Fiddle About») som dekte mørkare tema som mobbing og seksuelt misbruk. «Tommy's Holiday Camp» var Moon sitt forslag om ei slags religiøs rørsle som Tommy kunne leie. Moon vart oppført som låtskrivar på denne songen for å kome opp med ideen, medan musikken vart komponert og framført av Townshend.[5] Mange av songane hadde ein lettare stil enn tidlegare innspelingar, med stor vekt på vokalen. Moon sa seinare «Det var på den tida ganske ulikt The Who. Mange av songane var lette. Me spelte aldri slik som det.»[6]

Somme av songane var alt skrivne for andre prosjekt. «Sensation» var skriven om ei jente Townshend hadde møtt på turné i Australia tidleg i 1968, «Welcome» og «I'm Free» var om roa Townshend fann gjennom Meher Baba og «Sally Simpson» var basert på ein konsert med The Doors som var prega av vald.[7] Andre songar var tidlegare blitt spelt inn av The Who og brukt om att. «It's A Boy» kom frå «Glow Girl», eit unytta spor på The Who Sell Out, medan «Sparks» og «Underture» vart brukt om att og utvida frå instrumentale tema i «Rael».[8] «Amazing Journey» var i følgje Townshend, «den absolutte byrjinga på operaen og oppsummerte heile plottet.»[8] «The Hawker» var ein coverversjon av Mose Allison sin «Eyesight to the Blind». Ein coverversjon av Mercy Dee Walton sin «One Room Country Shack» vart òg spelt inn men teken bort frå den endelege sporlista fordi Townshend ikkje klarte å finne ut ein måte å innlemme han i plottet på.[9]

Innspelinga på IBC tok lang tid, fordi dei mangla det fullstendige plottet og alle songane dei trengde. Gruppa håpte at albumet skulle vere klart til jul, men innspelinga drog ut. Chris Welch i Melody Maker vitja IBC i november og han vart imponert over arbeidsmiljøet og materialet,[10] men prosjektet hadde då enno ikkje eit namn og plottet var ikkje samanhengande.[5] Det amerikanske selskapet til The Who, Decca Records, vart så lei av å vente på det nye produktet at dei gav ut eit samlealbum, Magic Bus: The Who on Tour som fekk dårleg kritikk av Greil Marcus i Rolling Stone på grunn av dårleg songutval og villeiande tittel (det var ikkje eit konsertalbum, berre studioopptak).[11]

The Who tok ein pause frå innspelinga mot slutten av 1968, for å spele konsertar, og deltok på The Rolling Stones Rock and Roll Circus den 10. desember.[12] Dei heldt fram innspelinga i IBC i januar 1969, frå måndag til torsdag, og brukte helgane på å spele konsertar for å unngå å hamne i gjeld.[13] Det vart booka ein stor turné for slutten av april, og selskapet insisterte på at albumet måtte vere ferdig då sidan det var gått godt over eit år sidan The Who Sell Out.[14] Lambert skreiv eit manus, Tommy (1914–1984) som han fekk trykt opp og gjeve til bandet, slik at dei kunne fokusere på historia. Dei valde òg då å gå for eit dobbeltalbum.[13] Gruppa kom framleis opp med nye songar. Lambert insisterte på at dei burde ha ein skikkeleg overture,[14] medan Townshend skreiv «Pinball Wizard» slik at Nik Cohn, ein flipperfan, kom til å gje albumet ei positiv melding i New York Times.[15] Lambert ønskte å ha eit orkester på albumet, men Townshend var sterkt i mot ideen, og dei hadde uansett for lite tid og pengar til at det kunne skje.[14]

Innan mars 1969 hadde dei spelt inn somme av songane fleire gonger, men Townshend meinte framleis at det var noko som mangla.[16] Entwistle var lei av alle innspelingane og sa seinare «me gjekk stadig attende og endra på songane ... det byrja å gjere oss sprø.»[3] Den siste innspelinga fann stad 7. mars, same dagen som «Pinball Wizard» kom ut på singel.[17] Gruppa byrja å øve for turneen og marknadsføre singelen, og Lambert drog på ferie til Kairo. Miksinga vart overlate til Lyon-Shaw og assisterande lydteknikar Ted Sharp, som ikkje syntest at IBC høvde seg for oppgåva.[18] Albumet gjekk over deadline for april, sidan stereomasteringa framleis heldt på til slutten av månaden.[19]

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

Karakterar[endre | endre wikiteksten]

  • Tommy Walker: Hovudkarakteren i soga, som albumet er kalla opp etter.
  • Captain Walker: Far til Tommy
  • Mrs. Walker: Mor til Tommy. (Ho heiter Nora i filmutgåva)
  • The Lover: Elskaren til mor til Tommy (onkel Frank Hobbs i filmutgåva)
  • Uncle Ernie: Den «onde onkelen», ein pedofil.
  • Kevin: Fetteren til Tommy, ein sadistisk «skulebølle» som gjer stygge ting med Tommy når dei er heime aleine.
  • The Hawker: Leiaren av ei sekt der mor til Tommy tar han med seg i håp om å kurere han mot plagene hans.
  • Local Lad: Den regjerande meisteren i ein flipperturnament, fram til Tommy slår han og tar over tittelen «Pinball Wizard». (Denne karakteren vart slått saman med Cousin Kevin for Broadway-utgåva.)
  • The Acid Queen (òg kjend som «The Gypsy»): Ei prostituert som handlar med hallusinogen og som prøver å kurere Tommy.
  • The Doctor: Ein lege som prøver å kurere Tommy og finn ut at plagene til Tommy er mentale og ikkje fysiske.
  • Sally Simpson: Ein av «disiplane» til Tommy.

Soga i kronologisk rekkjefølgje[endre | endre wikiteksten]

  • «Overture»/«It's a Boy» - Kaptein Walker i den britiske hæren vert rapportert sakna under den første verdskrigen og er ikkje venta å kome heime att. Kort tid etter får Mrs. Walker meldinga og føder sonen deira, Tommy. I filmutgåva er Captain Walker ein pilot i Royal Air Force
  • «1921» - Om lag fire år seinare. Kaptein Walker kjem heim att og oppdagar at kona har fått ein ny kjæraste. Kaptein Walker konfronterer dei to og tar livet av kjærasten (som Tommy fram til då hadde trudd var faren). Tommy er vitne til dette gjennom ein spegel. For å dekke over drapet seier dei til Tommy at han ikkje såg det, ikkje høyrde det og ikkje vil sei noko om det til nokon for resten av livet sitt. Den traumatiserte Tommy vert døv, stum og blind. I filmutgåva er dette snudd på hovudet og kjærasten tar livet av Captein Walker.
  • «Amazing Journey»/«Sparks» - Undermedvitet til Tommy viser seg for han som ein høg framand i sølvkappe og dette synet fører han ut på ei indre, andeleg reise der han lærer å tolke alle fysiske kjensler som musikk.
  • «Eyesight to the Blind (The Hawker)» - Foreldra til Tommy tar han med til kyrkja i ei sekt for å kurere han. «Eyesight...» er songen til sektleiaren.
  • «Christmas» - Når det nærmar seg jul vert foreldra til Tommy redde for at Tommy skal verte fordømt, sidan han ikkje er klar over verken Jesus eller bøn.
  • «Cousin Kevin» - Foreldra til Tommy vert sjølvtilfredse og lèt Cousin Kevin ta seg av Tommy. Han tyranniserer og torturerer Tommy utan frykt for at nokon skal finne det ut. Til slutt gidd han ikkje meir sidan Tommy ikkje reagerer stort.
  • «Acid Queen»/«Underture» - Foreldra til Tommy prøver å kurere han ein gong til, denne gongen ved å plassere han hos ei kvinne som prøver å lokke Tommy til fullt medvite med hallusinogen og sex. «Underture» er ein lang instrumental som representerer Tommy påverka av syre.
  • «Do You Think It's Alright?»/«Fiddle About» - Tommy vert overlaten til onkel Ernie, ein alkoholikar og barnemishandlar som nyttar høve til å mishandle Tommy utan frykt for å verte oppdaga.
  • «Pinball Wizard» - Det vert oppdaga at Tommy har talent for flipperspel og han slår raskt turneringsmeisteren. Tommy vert slik ein internasjonal kjendis. «Pinball Wizard» er songen til den regjerande meisteren.
  • «There's a Doctor»/«Go to the Mirror» - Foreldra til Tommy finn ein medisinsk spesialist for å prøve og forstå og kurere symptoma. Etter mange prøver får dei beskjed om at det ikkje er noko medisinsk gale med han og at problema er psykosomatiske. Samstundes med at dei prøver å nå han, prøver undermedvitet til Tommy å nå ut til dei.
  • «Tommy Can You Hear Me?»/«Smash the Mirror» - Mor til Tommy prøver framleis å nå han og vert frustrert over at han totalt ignorerer ho medan han stirer mot ein spegel. Ut av frustrasjonen knuser ho spegelen.
  • «Sensation»/«Miracle Cure» - Når spegelen vert knust kjem Tommy brått tilbake til det verkelege livet. Tommy vert ein offentleg sensasjon og oppnår ein guru-liknande status. Han tar så på seg rolla som ein slags Messiasfigur og leiar tilhengjarane sine til ei liknande oppvakning som han hadde.
  • «Sally Simpson» - Ein av disiplane til Tommy, Sally, er ei prestedotter som snik seg heimanfrå for å delta på ei av preikene til Tommy. Ho prøver til slutt å ta på han, men vert kasta frå scenen av vaktene og får eit sår i andletet.
  • «I'm Free» - Tommy prøver å opplyse dei som høyrer på preika hans andeleg. Alle seinare utgåver (bortsett frå Live at Leeds) plasserer denne songen like etter «Smash the Mirror» som ein direkte reaksjon på kureringa hans.
  • «Welcome»/«Tommy's Holiday Camp» - Tommy opnar heimen sin til alle som vil slå seg saman med han og ber innstendig alle om å ta med seg så mange folk som dei kan. Huset hans vert rask fullt, så han byggjer ein ferieleir for å ta imot alle saman. Onkel Ernie driv leirane og det vert indikert at han gjer dette for å tene pengar og ikkje for at folk skal verte andeleg opplyste.
  • «We're Not Gonna Take It» - Tommy krev at tilhengjarane hans speler flipperspel og gjer seg sjølv døv, blind og stum for å nå det høgaste andelege nivået sitt, men då dei vert utnytta av familien hans, gjer dei i staden opprør. Tommy vert forlaten av tilhengjarane sine og oppnår ei ny oppvekking.

I den opphavlege albumutgåva er soga ganske spreidd og detaljane i soga vert ofte gjevne i ettertid av Townshend i diverse intervju. Etter kvart som soga kom i andre format vart detaljane utfylte, men stundom noko endra på.

Analyse og historie[endre | endre wikiteksten]

Tommy kom ut var kritikarane delte mellom dei som meinte albumet var eit meisterverk og starten på ein ny sjanger, og dei som meinte det var kynisk på grunn av det mørke temaet. Albumet vart bannlyst av BBC og visse amerikanske radiostasjonar, men oppnådde likevel stor suksess, og det same gjorde konsertutgåvene til The Who i åra etter. Albumet og konsertane som følgde tok The Who til eit nytt nivå som internasjonale rockestjerner.[20]

Sjølv om Tommy ofte vert skildra som ein rockeopera, så skriv forfattar Richard Barnes at denne definisjonen ikkje er heilt korrekt, sidan Tommy ikkje syner den klassiske operaformelen med sceneframføring, kulissar, skodespel og resitativ. I følgje Barnes vil det vere meir korrekt å kalle Tommy ein «rockekantate» eller ein «rockesongsyklus». Han liknar mest eit oratorium (t.d. Händel sin «Messias») i forma, sidan han inneheld instrumentalar, kor- og soloseksjonar, ingen kulissar, kostyme eller koreografi. Eit motargument til Barnes er at nye operaer ofte òg manglar nokre av faktorane som definerer klassiske operaer.

Musikalsk er albumet ei samansett samling av poprock-songar, generelt basert på den akustiske gitaren til Townshend og bygd opp med mange lydlag og instrument spelt av dei fire medlemmene i bandet, som bassgitar, elektrisk og akustisk gitar, piano, orgel, trommer, gongong, pauker, trompet, valthorn, tredelte vokalharmoniar og stundom dobbel solovokal. Mange av instrumenta dukkar berre opp her og der, som i den ti minuttar lange «Underture» som inneheld berre eit enkelt tut frå eit horn, og mange instrument ligg lågt i miksen. Townshend blandar fingerplukking med powerakkordane som han var kjend for og fyldige riff. Ein liten forsmak på den seinare interessa hans for synthesizerar viser seg på «Amazing Journey» der det er nytta innspelte lydar spelt av baklengs for å få ein plystrande lyd.

Spora «Overture», «Pinball Wizard», «I'm Free» og reprisen «See Me, Feel Me / Listening to You» vart gjevne ut som singlar og vart radiohittar. «Pinball Wizard» nådde Topp 20 i USA og Topp 5 i Storbritannia, og vart ein hit for Elton John i 1975/76 (som spelte rolla som flipperspelmeisteren i filmen). «See Me, Feel Me / Listening To You» gjekk òg inn på Topp 20 i USA, medan «I'm Free» nådde Topp 40. Spora «Overture», «Christmas», «I’m Free» og «See Me Feel Me» vart gjevne ut på ein EP seint i 1970. «Overture» vart òg spelt inn av bandet The Assembled Multitude og vart ein del spelt på radio. Tommy vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1998.

I 2004 gav Uncut ut ein CD kalla The Roots of Tommy som inneheldt musikk dei hevda påverka komponeringa av Tommy. Av songar som finst her er bluessongar som Townshend inkluderte eller spelte ved andre høve, som Mose Allison sin «A Young Man» og Sonny Boy Williamson sin «Eyesight to the Blind», samt The Pretty Things sin «S.F. Sorrow Is Born», materiale frå Mark Wirtz sin A Teenage Opera og musikk av band som The Zombies, The Jimi Hendrix Experience, Nirvana, The Kinks og varitékomikaren Max Miller, som visstnok inspirerte til karakteren Uncle Ernie.

Eit år før albumet kom ut forklarte Townshend ideen sin og tenkte faktisk ut delar av strukturen til operaen under eit kjent intervju i Rolling Stone. John Entwistle hevda fleire år seinare at han faktisk aldri hadde høyrt heile albumet fordi han var så lei av dei mange opptaka som måtte til av songane.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[21]
MusicHound Rock4/5[22]
Q4/5 stars[23]
Rolling Stone4/5 stars[24]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[25]
Uncut3/5 stars[26]

Etter forseinkingar med plateomslaget, kom Tommy ut 17. mai 1969 i USA på Decca og 23. mai i Storbriannia på Track Records.[27] Det originale doble albumet kom ut med side ein og side fire på ei plate og side to og side tre på den andre, for å tilpassast plateskifterar.[28]

Albumet vart ein salssuksess og nådde andreplassen på den britiske albumlista og fjerdeplassen i USA.[29] Det selde 200 000 eksemplar dei to første vekene i USA aleine og nådde gullplate den 18. august for 500 000 selde eksemplar den 18. august.[30] «Pinball Wizard», «I'm Free» og «See Me, Feel Me» vart gjevne ut som singlar og vart spelte på radio. «Pinball Wizard» nådde topp 20 i USA og topp fem i Storbritannia. «See Me, Feel Me» nådde topp 20 i USA og «I'm Free» nådde topp 40. Ein EP med utval av albumet var planlagt for Storbritannia i november 1970, men vart aldri noko av.[31] I 2012 hadde Tommy seld 20 millionar eksemplar verda over.[3][32]

Då det kom ut var kritikarane delte i om albumet var eit meisterverk, byrjinga på ein ny sjanger og dei som meinte det var utnyttande. Albumet fekk negativ omtale av BBC og visse amerikanske radiostasjona, og Tony Blackburn skildra «Pinball Wizard» som «usmakeleg».[19] Likevel fekk BBC Radio 1 ei tidleg utgåve av albumet i byrjinga av mai og spelte materialet for første gongen på programmet til Pete Drummond den 3. mai.[28] Townshend marknadsførte albumet med intervju i eit forsøk på å forklare plottet. Men sidan det grunnleggjande omhandla dei abstrakte konsepta til dei andelege rettesnorene til Baba, vart intervjua ofte forvirrande med motstridande detaljar.[33]

For Melody Maker drog Chris Welch til presselanseringa av albumet på showet til Ronnie Scott og sjølv om volumet gjorde at øyra hans peip i 20 timar etterpå konkluderte han med at «me vil ha meir.» Disc and Music Echo hadde ei framside som sa «Who's Tommy: A Masterpiece», eit meisterverk.[30] Kritikarar og fans var forvirra over plottet, men Lambert påpeikte at Tommy ikkje var meir forivrrande enn operaer av Richard Wagner eller Giacomo Puccini hundre år tidlegare.[34] I ei spalte i 1969 for The Village Voice skreiv musikkskribenten Robert Christgau at utanom The Mothers of Invention sitt We're Only in It for the Money, var Tommy det første suksessrike «forlenga verket» i rocken, men den parodiske sida til Townshend er meir «djup og tvetydig» enn Frank Zappa. Han hylla Townshend for å ha konstruert eit album slik at kvar song kan nytast kvar for seg og han meinte at han var fast bestemt på «å gje publikummet sitt det dei ville ha utan å ta bort sin eigen særeigenheit».[35] Albert Goldman skreiv i Life at The Who spelar seg gjennom «alle dei snodige komplikasjonane» i soga i ein hardrockstil som var motsetnaden til dei fleste «seriøse» rockeartistane. Goldman meinte at basert på nyskapinga, framføring og «den reine krafta», gjekk Tommy forbi alt anna i studioinnspelt rock.[36] Christgau kåra Tommy til det beste albumet i 1969 på lista si for magasinet Jazz & Pop.[37]

I meldinga si for AllMusic skreiv Richie Unterberger at trass i nokre svake punkt, har albumet «mange glimrande songar» gjennomsyra med «ein høveleg kraftfull ynde», medan Townshend si dugleik til å skape lange forteljingar introduserte «rocken for nye mogelegheiter.»[21] Uncut skreiv at albumet «ikkje heilt klarar å gjennomføre ambisjonane, men oppnår mykje på vegen», og meinte at albumet ikkje var like utvikla som det seinare albumet Quadrophenia.[26] Mark Kemp, skreiv i The Rolling Stone Album Guide (2004) at «i seinare tid er ikkje Tommy heilt det meisterverket det opphavleg vart hylla som», og meinte at The Who Sell Out var betre fordi Townshend der skapte fleire «verkelege klassikarar».[38]

I 1998 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame for «historisk, kunstnarisk og signifikant verdi».[32] I 2003 rangerte Rolling Stone Tommy på 96. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[39] Albumet var eit av flire av The Who som er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[40] NME plasserte albumet på 16. plass på «NME Writers All Time Top 100»" i 1974.[41] Q rangerte det på 9. plass på lista deira over «Musikken som endra verda: Del ein 1954-1969» i 2004.[42]

I følgje musikkskribenten Martha Bayles, blanda ikkje Tommy rock og klassisk musikk slik omgrepet «rockeopera» kunne indikere, men var i staden «dominert av The Who sin modne stil: tornande, rytmisk monoton hardrock».[43] Bayles meinte at det var meir akseptabelt for fans av kunstrocken på den tida fordi det var det kulturelle klimaet seint i 1960-åra: «Tommy vart rekna som meir autentisk, nettopp fordi det bestod av hardrock, og ikkje ein slags oppdikta Mussorgsky ... og unngjekk dei typiske pseudoromantiske emna i kunstrocken (eventyraktig lukke og apokalyptisk angst) til fordel for meir moderne tema frå sjølve popkulturen[43] Magasinet High Fidelity skildra òg albumet som ein «akseptabel hard-rock-versjon» av opera.[44]

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Tommy vart opphavlege gjeve ut som eit dobbeltalbum på vinyl i eit tynt hefte som inneheldt tekst og illustrasjonar i eit utbrettsomslag.

MCA gav ut albumet på ein dobbel-CD i 1984. Mobile Fidelity Sound Lab gav seinare ut ei enkelplate på ei gulldekt Ultradisc i Original Master Recording-serien deira, med eit alternativt opptak av «Eyesight to the Blind». MCA gav ut ein nymiksa utgåve på enkel CD i 1996. Denne utgåva inneheldt instrumentalbitar som ikkje var gjevne ut tidlegare, mellom anna cymbalar på «The Acid Queen».

I dag finst Tommy i ei ein luksus hybrid SACD med 5.1 kringlyd. Dette vart gjort med hjelp av masterteipane som ein lenge trudde hadde gått tapt. Då «Tommy» først vart gjeven ut vart det nytta ein «mjukare» mastertape med ekkoeffektar og doble vokalharmoniar. Den meir berre mastertapen som vart funne skal ha hatt ein varmare og meir naturleg lyd som gav ei meir «live» kjensle. Mange kritikarar har utpeikt denne utgjevinga som den definitive utgåva. Ommastringa vart gjort i samarbeid med Towhsnehd og inneheld òg nokre unytta songar og andre spor som vart spelt inn under innspelinga av Tommy. Songen «Dogs-Part 2» hadde tidlegare berre vore tilgjengeleg som B-sida til singelen «Pinball Wizard» samt samleplata Two's Missing frå 1987.

I 2013 kom ei superluksus-utgåve av Tommy ut på tre CD-ar og Blu-ray i ein boks. I tillegg til det originale albumet inneheld pakken demoar og konsertopptak, stort sett henta frå The Who-konserten i The Capital Theatre i Ottawa i Ontario i Canada den 15. oktober 1969.

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

The Who spelte ofte Tommy på konsertar i åra etter han kom ut, men sjeldan i same form som på albumet. I staden endra dei noko på rekkefølgja og utelet nokre songar heilt. Fire spor som aldri vart spelt av The Who på den første turneen med albumet var «Cousin Kevin», «Underture», «Sensation» og «Welcome».

Ei konsertinnspeling av Tommy finst på Deluxe Edition av konsertalbumet Live at Leeds frå 1970, samt den offisielle utgåva av Live at the Isle of Wight Festival 1970 frå same periode. Sistnemnde kom ut i 1996.

The Who spelte heile Tommy under Woodstockfestivalen i 1969, seint på natta. Då Roger Daltrey starta å syngje «See Me, Feel Me», steig sola opp over horisonten. John Entwistle, bassisten, spøkte seinare at «Gud var lysmannen vår».

The Who spelte òg Tommy på 20-årsjubileet for albumet under gjenforeiningsturneen deira i 1989. Dei spelte då «Cousin Kevin» og «Sensation» men utelet framleis «Underture» og «Welcome». Opptak frå denne turneen finst på konsertalbumet Join Together og Tommy and Quadrophenia Live with Special Guests DVD. Los Angeles-utgåva av dette showet hadde med spesielle gjester som Phil Collins (Uncle Ernie), Patti LaBelle (Acid Queen), Steve Winwood (Hawker), Elton John (Pinball Wizard) og Billy Idol (Cousin Kevin).

Andre format[endre | endre wikiteksten]

Operaproduksjon i Seattle i 1971[endre | endre wikiteksten]

I 1971 sette Seattle Opera under regissør Richard Pearlman den første fullskala profesjonelle produksjonen av Tommy. Produksjonen var mellom anna med Bette Midler i rolla som The Acid Queen.[45]

Orkesterutgåve 1972[endre | endre wikiteksten]

9. desember 1972 presenterte Lou Reizner ei konsertutgåve av Tommy i Rainbow Theatre i London. Konserten var med The Who samt fleire gjesteartistar. Orkesteret var London Symphony Orchestra dirigert av David Measham. Det vart halde to konsertar denne kvelden for å støtte opp om den nye symfoniske innspelinga Reizner hadde gjort av Tommy.

Gjesteartistane på både plate og album var Maggie Bell, Sandy Denny, Steve Winwood, Rod Stewart, Richie Havens og Ringo Starr. Pete Townshend spelte òg noko gitar, men elles var musikken i hovudsak spelt av symfoniorkesteret. Richard Harris snakkesong rolla som spesialisten på plata, men vart bytta ut med Peter Sellers for sceneutgåva.

Studioutgåva av denne orkesterversjonen av Tommy vart gjeven ut i ein overdådig boks med nye illustrasjonar og bilete, som nytta flipperkula som hovudmotivet. Designarane Wilkes og Braun vann Grammyprisen i 1974 for beste albuminnpakning.

Orkesterutgåva vart spelt fleire gongar i 1973.

Filmutgåva[endre | endre wikiteksten]

I 1975 vart det laga film av Tommy, produsert av Robert Stigwood og regissert av Ken Russell. I filmen spelte Daltrey rolla som Tommy og dei andre medlemmene deltok i forskjellige småroller. Andre skodespelarar i filmen var Ann-Margret som mor til Tommy, Oliver Reed som kjærasten, i tillegg tilfleire cameoroller av Elton John, Tina Turner, Eric Clapton, Arthur Brown og Jack Nicholson.

Tommy var ein av dei første musikkfilmane som vart gjeven ut i fleirkanals hi-fi-lyd (kalla «quintaphonic sound») og i mange kinosalar vart det sett opp konserthøgtalarar i samband med visinga.

Filmen fekk blanda kritikk, men vart ein stor kommersiell suksess og har i dag oppnådd status som kultfilm. Townshend omarbeidde historia for filmen, og fylte ut historia der det var behov for det. I tillegg la han handlinga til etter den andre verdskrigen. I tillegg var det faren som vart drepen av kjærasten til mor til Tommy i filmen og ikkje omvendt, som på albumet.

Townshend overvakte òg produksjonen av eit nytt dobbeltalbum med musikk frå filmen. Mange studiomusikarar spelte på denne utgåva, som Caleb Quaye og John «Rabbit» Bundrick. Sidan Keith Moon var oppteken med filmen Stardust, spelte Kenney Jones trommer på det meste av albumet. Songen «Pinball Wizard» vart ein stor hit då han kom ut som singel, framført av Elton John og bandet hans. I filmen kan ein derimot sjå Elton John i lag med The Who.

Musikalutgåve frå 1993[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er The Who's Tommy.

I 1993 produserte Townshend og La Jolla Playhouse ein Broadwaymusikal av Tommy. Produksjonen fekk tittelen The Who's Tommy og inneheldt ein ny song av Townshend («I Believe My Own Eyes») og fleire omskrivingar av teksten. Showet fekk blanda kritikk.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Overture»Townshend3:50
2.«It's a Boy»Townshend2:07
3.«1921»Townshend, Roger Daltrey på refrenget3:14
4.«Amazing Journey»Daltrey3:25
5.«Sparks»Instrumental3:45
6.«The Hawker» (Sonny Boy Williamson II)Daltrey2:15
Total lengd:18:36
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Christmas»Daltrey, Townshend i mellomspelet5:30
2.«Cousin Kevin» (John Entwistle)Entwistle og Townshend4:03
3.«The Acid Queen»Townshend3:31
4.«Underture»Instrumental10:10
Total lengd:23:14
Side tre
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Do You Think It's Alright?»Daltrey og Townshend0:24
2.«Fiddle About» (Entwistle)Entwistle1:26
3.«Pinball Wizard»Daltrey, Townshend på mellomspelet3:01
4.«There's a Doctor»Townshend, med Daltrey og Entwistle0:25
5.«Go to the Mirror!»Daltrey og Townshend3:50
6.«Tommy Can You Hear Me?»Daltrey, Townshend og Entwistle1:35
7.«Smash the Mirror»Daltrey1:20
8.«Sensation»Townshend2:32
Total lengd:14:33
Side fire
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Miracle Cure»Daltrey, Townshend og Entwistle0:10
2.«Sally Simpson»Daltrey4:10
3.«I'm Free»Daltrey2:40
4.«Welcome»Daltrey, Townshend («more at the door») og Entwistle (talt del)4:30
5.«Tommy's Holiday Camp» (Keith Moon)Moon, med Townshend0:57
6.«We're Not Gonna Take It»Daltrey, med Townshend og Entwistle6:45
Total lengd:19:12

Luksusutgåva[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei CD/SACD hybrid-plate med 5.1 kringlydmiksar av alle utanom dei fem siste spora.

Bonusplate på 2003-utgåva: Demoar og unytta opptak
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Was» 0:17
2.«Christmas» (Opptak 3) 4:43
3.«Cousin Kevin Model Child» 1:25
4.«Young Man Blues» (versjon 1)Allison2:51
5.«Tommy Can You Hear Me?» (alternativ versjon) 1:59
6.«Trying to Get Through» 2:51
7.«Sally Simpson» (unytta opptak) 4:09
8.«Miss Simpson» 4:18
9.«Welcome» (opptak 2) 3:44
10.«Tommy's Holiday Camp» (bandversjonen) 1:07
11.«We're Not Gonna Take It» (alternativ versjon) 6:08
12.«Dogs (Part Two)»Moon2:26
13.«It's a Boy» 0:43
14.«Amazing Journey» 3:41
15.«Christmas» 1:55
16.«Do You Think It's Alright» 0:28
17.«Pinball Wizard» 3:46
Konsertopptak frå Capitol Theatre i Ottawa i Canada, 15. oktober 1969. Bonusplate til 2013-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Overture (including introduction)»7:00
2.«It's a Boy»0:39
3.«1921»2:29
4.«Amazing Journey»5:07
5.«Sparks»2:49
6.«The Hawker (Eyesight to the Blind)»1:54
7.«Christmas»3:11
8.«The Acid Queen»3:30
9.«Pinball Wizard»2:47
10.«Do You Think It's Alright?»0:21
11.«Fiddle About»1:12
12.«Tommy, Can You Hear Me?»0:55
13.«There's a Doctor»0:24
14.«Go to the Mirror!»3:12
15.«Smash the Mirror»1:10
16.«Miracle Cure»0:12
17.«Sally Simpson»4:01
18.«I'm Free»2:12
19.«Tommy's Holiday Camp»0:48
20.«We're Not Gonna Take It»3:28
21.«See Me, Feel Me»7:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Who

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1969 Billboard Pop Albums 4[46]
1969 UK Chart Albums 2[29]
1975 UK Chart Albums 37[47]

Singlar

År Singel Liste Plassering
1969 «Pinball Wizard» Billboard Pop Singles 19[48]
1969 «Pinball Wizard» UK Singles Charts 4[28]
1969 «Pinball Wizard» Den nederlandske singellistas 12[49]
1969 «I'm Free» Billboard Pop Singles 37[48]
1969 «I'm Free» Den nederlandske singellistas 20[50]
1970 «See Me, Feel Me» Billboard Pop Singles 12[51]
1970 «See Me, Feel Me» Den nederlandske singellistas 2[52]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[53] Gull 174,300[54]
Italia (FIMI)[55] Gull 50 000*
New Zealand (RMNZ)[56] Gull 7 500^
Storbritannia (BPI)[57]
Awarded to the soundtrack to the film too
Gull 100 000^
USA (RIAA)[58] 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Neill & Kent 2002, s. 210.
  2. Marsh 1983, s. 317.
  3. 3,0 3,1 3,2 Drozdowski, Ted (3. mai 2012). «Pinball Wizard: Pete Townshend Finds His Signature Guitar Sound». Gibson Guitars. Arkivert frå originalen 19. april 2012. Henta 9. juni 2012. 
  4. Neill & Kent 2002, s. 219.
  5. 5,0 5,1 Marsh 1983, s. 323.
  6. Neill & Kent 2002, s. 220.
  7. Marsh 1983, s. 316, 318.
  8. 8,0 8,1 Marsh 1983, s. 318.
  9. Atkins 2000, s. 114.
  10. Marsh 1983, s. 321.
  11. Marsh 1983, s. 319,320.
  12. Neill & Kent 2002, s. 216.
  13. 13,0 13,1 Marsh 1983, s. 324.
  14. 14,0 14,1 14,2 Marsh 1983, s. 325.
  15. Neill & Kent 2002, s. 221.
  16. Marsh 1983, s. 327.
  17. Neill & Kent 2002, s. 227, 228.
  18. Neill & Kent 2002, s. 228.
  19. 19,0 19,1 Neill & Kent 2002, s. 230.
  20. arkivkopi, arkivert frå originalen 14. september 2005, henta 28. juni 2009 
  21. 21,0 21,1 Unterberger, Richie. «Tommy – The Who». AllMusic. Henta 22. september 2019. 
  22. Graff & Durchholz 1999, s. 1227.
  23. «Review: Tommy». Q (London): 116–7. March 2004. 
  24. Randall, Mac (22. januar 2004). «Tommy Deluxe Edition». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 31. oktober 2016. Henta 22. september 2019. 
  25. Kemp 2004, s. 871.
  26. 26,0 26,1 «Review: Tommy». Uncut (London): 110. March 2004. 
  27. Neill & Kent 2002, s. 232; Atkins 2000, s. 282.
  28. 28,0 28,1 28,2 Neill & Kent 2002, s. 231.
  29. 29,0 29,1 Neill & Kent 2002, s. 232.
  30. 30,0 30,1 Marsh 1983, s. 340.
  31. Neill & Kent 2002, s. 421.
  32. 32,0 32,1 Perry, Andrew (22. juni 2006). «Hope I don't have a heart attack». The Daily Telegraph (London). Henta 25. mai 2010. 
  33. Marsh 1983, s. 330.
  34. Marsh 1983, s. 329.
  35. Christgau, Robert (12. juni 1969). «Whooopee!». The Village Voice (New York). Henta 22. september 2019. 
  36. «A Grand Opera in Rock». Life Magazine: 20. 17. oktober 1969. Henta 22. september 2019. 
  37. Christgau, Robert (1969). «Robert Christgau's 1969 Jazz & Pop Ballot». Jazz & Pop. Henta 17. april 2014. 
  38. Kemp 2004, s. 872.
  39. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone (New York): 118. 11. desember 2013. 
  40. Dimery, Robert; Lydon, Michael (2011). 1001 Albums: You Must Hear Before You Die. Hachette UK. s. 455. ISBN 978-1-84403-714-8. 
  41. NME Writers All Time albums 1993, 1985 & 1974
  42. Music That Changed The World
  43. 43,0 43,1 Bayles, Martha (1994). Hole in Our Soul:The Loss of Beauty and Meaning in American Popular Music. University of Chicago Press. s. 224. ISBN 0-226-03959-5. 
  44. «Tommy». High Fidelity 23 (6): 418. June 1973. 
  45. Seattle Times
  46. «Artist Chart History – The Who». Allmusic. Henta 21. september 2019. 
  47. «The Official Charts Company – Tommy by The Who Search». The Official Charts Company. 6. mai 2013. 
  48. 48,0 48,1 «The Who Billboard singles». AllMusic. Henta 22. september 2019. 
  49. «Pinball Wizard». Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. september 2019. 
  50. «I'm Free». Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. september 2019. 
  51. «Billboard Hot 100». Billboard Magazine. 5. desember 1970. s. 75. Henta 22. september 2019. 
  52. «See Me, Feel Me». Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. september 2019. 
  53. «French album salstrofé – The Who – Tommy» (på fransk). InfoDisc.  Select THE WHO and click OK
  54. «Les Albums Or :» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 2. november 2013. Henta 12. august 2012. 
  55. «Italian album salstrofé – The Who – Tommy» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 21. desember 2016.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter The Who in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  56. «New Zealand album salstrofé – The Who – Tommy». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 15. juni 2017. 
  57. «British album salstrofé – Original Soundtrack – Tommy OST». British Phonographic Industry. Henta 12. august 2012.  Enter Tommy OST in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  58. «American album salstrofé – The Who – Tommy». Recording Industry Association of America. Henta 12. august 2012.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fleire intervju der Pete Townshend har kommentert konseptet og tydinga av Tommy: