Rockin' Dopsie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rockin' Dopsie
Fødd10. februar 1932(1932-02-10)
FødestadCarencro i Louisiana i USA
Død26. august 1993 (61 år)
DødsstadOpelousas i Louisiana i USA
FødenamnAlton Jay Rubin
OpphavUSA
Aktiv1970–1992
SjangerZydeco
InstrumentTrekkspel, vokal
Tilknytte artistarRockin' Dopsie and the Twisters
PlateselskapSonet, Maison de Soul, Rounder, GNP Crescendo, Atlantic
Verka somMusikar, komponist, songar

Alton Jay Rubin (10. februar 193226. august 1993),[1] med scenenamnet Rockin' Dopsie (stundom Rockin' Dupsee), var ein USA-amerikansk zydeco-songar og trekkspelspelar som først fekk suksess i Europa og sidan i USA.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Rubin var venstrehendt og lærte seg å spele trekkspel opp-ned. Han spelte kring i Louisiana i 1950- og 1960-åra, før han i 1976 spelte på New Orleans Jazz and Heritage Festival, der han vart oppdaga og fekk kontrakt med det svenske selskapet Sonet, som gav ut det første albumet hans, Doin' the Zydeco, i 1976. Frå 1979 turnerte han i Europa med gruppa si, The Twisters, og han vart populær der med ei rekkje album for Sonet i slutten av 1970-åra og tidleg i 1980-åra.[2][3]

I 1980-åra byrja han å bli kjend i USA. Han spelte trekkspel på den zydeco-aktige songen «That Was Your Mother» på Paul Simon sitt Graceland i 1986. Han spelte inn albumet Crowned Prince Of Zydeco i 1987.[3] Det siste albumet hans kom i 1991, Louisiana Music, og vart nominert til ein Grammy.[4] Dopsie spelte òg med Bob Dylan og Cyndi Lauper, og i 1992 dukka han opp i filmen Delta Heat.[2]

Han døydde av eit hjarteinfarkt i 1993, 61 år gammal.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studio- og konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Selskap Katalognummer Utgjevingsår
Doin' the Zydeco Sonet SNTF 718 1976
Rockin' Dopsie & The Twisters Rounder (lisens frå Sonet) 6012 1977
Zy-De-Blue Sonet SNTF 761 1978
Hold On Sonet SNTF 800 1979
GNP Crescendo GNPS 2156 1983
Big Bad Zydeco Sonet SNTF 851 1980
French Style Sonet SNTF 872 1981
Rockin' Dupsee (The Legendary Jay Miller Sessions, vol. 30, recorded 1970-74) Flyright (U.K.) FLY-592 1983
Good Rockin' Sonet SNTF-905 1983
GNP Crescendo GNPS-2167 1984
Crowned Prince of Zydeco Sonet SNTF 982 1986
Maison de Soul MdS-1020 1986
Saturday Night Zydeco Sonet SNTCD 1003 1988
Maison de Soul LP-1025 / MdS-CD-104 1988 (re-released on CD in 1989)
Zy-De-Co-In' Sonet SNTCD 1035 1989
Gazell Productions GCCD 3003 1989
Clifton Chenier & Rockin' Dupsee Flyright FLYCD 17 1989
Paula Records PCD-17 1991
Louisiana Music Atlantic 82307-2 1991
Rockin' Dopsie and The Zydeco Twisters In New Orleans Storyville STCD 8052 2001

Gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Tittel Artist(ar) Selskap Katalognummer Utgjevingsår Instrument
Ready The Blues Band Arista BB2 1980 trekkspel
The Blowin' Man John Hart Sonet SNTF 844 1981 trekkspel
Graceland Paul Simon Warner Bros. 9 25447-2 1986 trekkspel
A Night To Remember Cyndi Lauper Epic EK 44318 1989 trekkspel
Oh Mercy Bob Dylan Columbia CK 45281 1989 trekkspel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eagle, Bob; LeBlanc, Eric S. (2013). Blues - A Regional Experience. Santa Barbara: Praeger Publishers. s. 383. ISBN 978-0313344237. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Sandra Brennan. «Rockin' Dopsie | Biography & History». AllMusic. Henta 8. desember 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Rockin' Dopsie», Donald Clarke Music. Henta 8. desember 2018
  4. 4,0 4,1 «Rockin' Dopsie, 61, A Master of Zydeco With His Own Style», New York Times, 27. august 1993. Henta 8. desember 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Åtvaring: Standardsorteringa «Rockin Dopsie» tar over for den tidlegare sorteringa «Dopsie, Rockin'».