Roger Kingdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger Kingdom


Statsborgarskap USA
Fødd 26. august 1962 (61 år)
Vienna
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Roger Nona Kingdom (fødd 26. august 1962) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Vienna i Georgia som tevla i hekkeløp. Han vant to olympiske gullmedaljar på 110 meter hekk og sette verdsrekord på øvinga på 12,92 sekundar i 1989, ein rekord som stod i fire år.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kingdom vann i 1983 110 m hekk ved den nordamerikanske studentmeisterskapen (NCAA). Året etter vart han olympisk meister på korthekken under sommarleikane i Los Angeles, tre hundredels sekund framom den største favoritten, landsmannen Greg Foster.

Kingdom var derimot favoritt til OL-gullet i 110 m hekk i Seoul i 1988, ettersom han tidlegare i OL-sesongen hadde vunne alle tevlingane han hadde delteke i. I OL-finalen imponerte han med både teknikk, fart og styrke og slo nestemann, briten Colin Jackson, med tre meter og sette olympisk rekord på 12,98 sekundar.

Under eit stemne i Zürich i 1989 sette Kingdom verdsrekord i 110 meter hekk. Tida på 12,92 sekundar stod som rekord til sommaren 1993, då Colin Jackson sprang ein hundredels sekund snøggare.

I 1991 vart Kingdom operert i eit kne. Sjølv om han ikkje kom tilbake i same for som før, makta han å vinne ein bronsemedalje under friidretts-VM 1995.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]