Rolf Stranger
| Rolf Stranger | |||
| | |||
| Fødd | 15. januar 1891 Christiania, Oslo kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 18. juni 1990 (99 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre, Frisindede Venstre | ||
| Yrke | politikar, jurist, forretningsdrivande, disponent | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Barn | Adèle Lerche | ||
| Alle verv |
| ||
Rolf Hanssen Stranger (15. januar 1891–18. juni 1990) var ein norsk forretningsmann og Høgre-politikar frå Oslo. Han var ordførar i Oslo i til saman åtte år og sat like lenge på Stortinget.
Stranger var son til grosserar Amund Hanssen i hovudstaden. Han tok artium ved St. Hanshaugen skole og vart cand.jur. frå Universitet i Oslo. I 1914 fekk han stilling i familiefirmaet Hanssen & Bergh A/ S, eit firma han dreiv frå 1917 til 1953.
Stranger var medlem av Oslo bystyre frå 1926 til 1967. Han var ordførar i fire bolkar; fyrst 1940-41 til han vart avsett av okkupasjonsmakta, i 1945 etter krigen var over, deretter i fireårsperioden 1956-59 og dei to åra 1962-63. Under 2. verdskrigen sat han fengsla på Bredtveit i Oslo i tida november 1943 til mai 1944.
Hausten 1945 vart Stranger vald til stortingsrepresentant frå Oslo og attvald 1949. På Stortinget var han nestformann i Finans- og tollkomiteen til 28. juni 1952, sidan var han medlem i Kommunalkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1891
- Døde i 1990
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Høgreordførarar i Oslo
- Norske bedriftsleiarar
- Norske juristar
- St. Olavs Orden
- St. Hallvard-medaljen
- Æreslegionen
- Dannebrogordenen
- Vasaordenen
- Finlands løves orden
- Folk frå Oslo