Rolv Ryssdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolv Ryssdal
Fødd 27. oktober 1914
Laksevåg
Død

18. februar 1998 (83 år)

Yrke Høgsterettsjustitiarius

Rolv Einar Rasmussen Ryssdal (27. oktober 191418. februar 1998), fødd i Laksevåg, var ein norsk jurist. Han var høgsterettsdommar frå 1964 og høgsterettsjustitiarius mellom 1969 og 1984.

Han var visepresident i Den europeiske menneskerettsdomstolen frå 1981 til 1985 og president frå 1985 til han døydde.[1].

Heider[endre | endre wikiteksten]

Han blei utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden i 1970 og blei seinare forfremma til storkors. Ryssdal var også innehaver av storkors av Finlands løves orden

Familie[endre | endre wikiteksten]

Rolv Ryssdal var gift med fylkesmann i Aust-Agder Signe Marie Stray Ryssdal, og var far til tidlegare leiar for Den norske advokatforening Anders Chr. Stray Ryssdal.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rolv Ryssdal president i Strasbourg», Aftenposten, 4. juni 1985, s. 5.