Terje Wold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Wold
Terje Wold.jpg
Fødd 23. august 1899

Evenes

Død 6. september 1972
Oslo
1. verv Norsk justisminister
 - periode 1939-1945
 - føregjengar Trygve Lie
 - etterfylgjar Johan Cappelen
2. verv Høgsterettsjustitiarius
 - periode 1958-1969
 - føregjengar Sverre Grette
 - etterfylgjar Rolv Ryssdal

Terje Wold (23. august 18996. september 1972) var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet, justisminister, handelsminister og Høgsterettsjustitiarius.

Wold var fødd i Evenes. Han kom til Vadsø i 1921 som nyutdanna cand. jur. Der blei han fullmektig ved Varanger sorenskrivarembete, og deretter same året blei han konstituert politifullmektig i byen. Han starta som privatpraktiserande sakførar i Vadsø i 1922. Han blei medlem av Vadsø bystyre i to periodar, 1926-1928 og 1932-1936, og var ordførar i 1928 og i 1935-1936. I 1931 blei Wold høgsterettsadvokat. Han blei lagdommar i Hålogaland lagmannsrett i 1936.

Han blei statsråd og sjef for justisdepartementet justisminister i Johan Nygaardsvold si regjering frå 1939, og var justisminister i eksilregjeringa i London til 1945. Ein periode under krigen var han også statsråd for handelsdepartementet, frå 7. juni 1940 til april 1942. Terje Wold var som medlem av Regjeringsdelegasjonen fungerande sjef for Kyrkje- og undervisingsdepartementet og Justisdepartementet frå 14. mai til 31. mai 1945.

Etter krigen blei han vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet for Finnmark frå 1945 til 1949.

Wold var dommar i Høgsterett frå 1950 - han hadde blitt utnemnd allereie i 1945. Han var høgsterettsjustitiarius frå 1958 til 1969.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Terje Wold blei utnemnd til Kommandør med stjerne av St. Olavs Orden i 1958. I 1965 fekk han Petter Dass-medaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]