Romanen Dansen gjenom skuggeheimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen

Dansen gjenom skuggeheimen (1911 og 1921) er det femte bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. Men ho var den fyrste av bøkene Uppdal gav ut, og ho har gjeve tittel til heile verket. Romanen skildrar møtet mellom eit bygdesamfunn og ei gruppe anleggsarbeidarar som skal føre jernbanelinja fram gjennom bygda. Handlinga går føre seg i løpet av éin sommar, og sjølv om ho ikkje er stadfesta, er det vanleg å tenkje seg at staden er Nord-Trøndelag. Skildringa av anleggsarbeidet kan for den del vere henta frå forfattaren si eiga tid som jernbanearbeidar på Hell-Sunnanbanen rundt 1904.

Møtet mellom dei to kulturane vert fokusert i møtet mellom rallaren Sjugur Rambern og storbondedottera Innbranna Røysing. Forfattaren sin tese er at den skapande krafta til erotikken og kjærleiken kan verke dempande på motsetnader. Skildringa er episk enkel, med klare frontar mellom rallarane og bygdeungdommen, og med tydelege scener: slåstkamp på lokalet, og forsoning på kyrkjetrappa i siste kapittel. Romanen inneheld også ein kunstnardraum: Sjugur målar, og ynskjer å skape eit verk som skal skildre livet og historia til rallaren. Sjølve kunstnardraumen har truleg gjenklang i Uppdal sitt eige ynskje om å formulere det same i skrift, men elles er det ikkje grunn til å lese nokon sjølvbiografi inn i romanen.

Sjugur Rambern vert så vidt introdusert i opningsbindet Stigeren, og er med når trådane vert samla i sistebindet Herdsla. Elles er historia om Sjugur og Innbranna ei bihistorie i romanverket, som særleg utspelar seg i denne boka og i framhaldet Røysingfolke.

Romanen vart filmatisert i 1979 som Rallarblod, i regi av Erik Solbakken, og med Nils Ole Oftebro og Ragnhild Hilt i hovudrollene.[2] Songen «Rallarblod» vart skriven av Hans Rotmo og framførd på Heimevernslaget si plate Spællet om Trøndelag (1979).[3]. Musikalen Ei ny tid, som vart framførd i Steinkjer i 2005 byggjer også på denne romanen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no
  2. Intervju med regissøren i Dag og Tid 1997
  3. rotmomusikken.com: Songteksten