Røysingfolke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen

Røysingfolke, også kalla Røysingfolket, (1914 og 1923) er det åttande bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. Det var den tredje romanen i den fyrste runden med utgjevinga av verket. Det var då han seinare vart gjenutgjeven i revidert utgåve at han var plassert som nummer åtte. Romanen følgjer handlinga og personane frå Dansen gjenom skuggeheimen, rallaren Sjugur Rambern og bondedottera Innbranna Røysing, og går føre seg 10–12 år seinare enn denne. Paret er gift, og driv Røysing, garden til far hennar. Etter stadsnamnet som vert brukt i boka å dømme, ligg garden i Steinkjer-området.[2].

Handlinga i romanen følgjer både gardsdrifta, parforholdet og ein politisk karriere for Sjugur. Rallaren må fyrst slite for å få respekt frå svigerfaren Gamle-Stål. Sjugur sin son frå eit tidlegare kjærleikstilhøve, Litl-Sjugur, vert introdusert, og arbeider som gjetar på garden. Sjugur vert vald til ordførar i bygda, og legg mykje energi i arbeidet med å byggje ned klassemotsetnader, mellom anna ved å hjelpe arbeidarane til å eige jord. («Ein skulle hjelpe arbeidarane til å få jord, noko fast å stå på i samfundet. Då turvte ikkje bøndene ottast dei. Frå jorda si vil dei då koma til å sjå både utetter og innetter».[3]). Mot slutten av romanen vert han også vald til stortingsrepresentant. Tilhøvet mellom Sjugur og Innbranna er sterkt, og eldfullt i meir enn éin forstand.

Romanen har ei heroiserande skildring av Sjugur, og ei skildring av velstand og framgang i gardsdrifta som i enkelte avsnitt kan verke idylliserande. Uppdal sitt eige stikkord til romanen, «sambandet med upphavet», kan oppfattast som eit ynskje om ein avspenningsallianse mellom bønder og arbeidarar, slik hovudpersonen Sjugur også arbeidde for i det politiske livet sitt.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no
  2. Det finst faktisk ei Røysing-grend; denne ligg aust i kommunen.
  3. Sitert frå s. 180 i Røysingfolket, 1990-utgåva

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]