Romestrandshornet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romestrandshornet sett frå Storfjorden

Romestrandshornet (911 m.o.h.) er eit fjell ved Barstadvik i Ørsta kommuneSunnmøre.

Fjellet ligg på vestsida av Hjørundfjorden, aust for bygda Barstadvik. Fjellet er bratt mot nord, men har elles greie oppstigingsruter, ein frå Skarbøen og ein frå Barstadvik via Vollesetra. Frå toppen har ein god utsikt mot Sunnmørsalpane og mot øyane og havet utanfor.

Festøykollen og Grøtvarden er andre namn på fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]