Sunnmørsalpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei fin samling sunnmørsalpar finn ein i Molladalen.

Sunnmørsalpane er eit namn på ei samling fjell på Sunnmøre. Grensa for Sunnmørsalpane er ikkje klår. Ein reknar normalt at Romsdalstindane og Tafjordfjella er eigne fjellområde.

Omgrepet blei truleg brukt første gong i Turistforeningens Aarbog i 1882 av E. Mohn om fjella på «den store halvø som omsluttes av Voldenfjorden, Vartdalsfjorden og Storfjorden». Fjella på både sider av Hjørundfjorden inngår i Sunnmørsalpane, heilt sør til Hornindalsrokken. Likeeins er Kyrkjefjellet eit grensefjell og den uklåre grensa går vidare langs Voldsfjorden ut til Vartdalsfjorden. Vartdalsfjorden og Storfjorden er den nordlege grensa for Sunnmørsalpane. Jamvel om grensa kan diskuterast, er det stor semje om at kommunane Stranda, Sykkylven, Ørsta og Volda er kjerneområdet for Sunnmørsalpane.

Grunnfjellet i Sunnmørsalpane er for det meste granittgneis. Ein finn og område med ein del gabbro og olivin. Fjella er særmerkte alpine med piggar og tindar, bratte skrentar og stup. Utforminga er hovudsakleg ei følgje av iserosjon. Fjella ligg ofte kloss i ein fjord. Mange stader er svært snøskredutsette.

I hjertet av Sunnmøre brer seg den vidunderlige alpeverden av høye, steile, takkete fjell, som utgjør Sunnmøres største severdighet og frembyr det mest slående bilde av dets eiendommelige og storslåtte natur. Og midt i dette kaos av egger og topper, der skjærer Hjørundfjorden seg inn mot sør som en mektig kile, 36 km lang og et par kilometer bred.

Staar du ved havet,
ude i leden hvor damperen stønner
ilsom paa færdselens veie forbi,
der, hvor af storme, som hylende drønner,
bølgen har lavet
lunefuldt legende sin melodi, -
ser du mot øst over aasernes rand
alfelet stige
op for dit øie et underfuldt vinkende
skjønhedens rige.
Det er de kneisende svimlende, blinkende
tinder i Søndmøres alpeland.

Kristofer Randers (1890)[1]


Toppar i Sunnmørsalpane[endre | endre wikiteksten]

Hornindalsrokken

Volda kommune/Stranda kommune[endre | endre wikiteksten]

Stranda kommune[endre | endre wikiteksten]

Stranda kommune/Ørsta kommune[endre | endre wikiteksten]

Stranda kommune/Sykkylven kommune[endre | endre wikiteksten]

Sykkylven kommune[endre | endre wikiteksten]

Sykkylven kommune/Ørsta kommune[endre | endre wikiteksten]

Urkedalstinde

Ørsta kommune[endre | endre wikiteksten]

Austsida av Hjørundfjorden
Sunnmørsalpar på vestsida av Hjørundfjorden
Saudehornet
Vestsida av Hjørundfjorden

Volda kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kristofer Randers: Sunnmøre. Reisehåndbok. Ålesund: Ålesund-Sunnmøre Turistforening, 4. utgave 1962 (1. utgave 1890).

«Sunnmørsalpene» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]