Romferja «Columbia»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Columbia
Romferja «Columbia»
Romferja Columbia badar i ljos før oppskytinga av STS-1, den første reisa med romferjene.
OV beteikningOV-102
LandUSA
Kontrakt tildelt den26. juli 1972
Første turSTS-1
12. april 198114. april 1981
Siste turSTS-107
16. januar 20031. februar 2003
Antall reiser28
Mannskap160
Tid brukt i verdsrommet 300.741 dagar
Antall runder rundt jorda4,808
Distanse reist201 497 772 km
Satellittar utplassert8
Samankoplingar med Mir0
Samankoplingar med Den Int. romstasjonen0
Noverande statusGjekk tapt den 1. februar 2003

«Columbia» var den første romferja som vart teken i bruk av den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA. Romferja er kalla opp etter sluppen «Columbia» som kapteinen Robert Gray brukte til å utforska det nordvestlege Stillehavet. Kommandomodulen til Apollo 11 bar også namnet «Columbia».

STS-107 som var «Columbia» si tjueåttande romferd, gjekk romferja i oppløysing då ho kom inn i atmosfæren etter endt oppdrag. Alle dei sju astronautane om bord vart drepne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av «Columbia» starta i 1975 og gjekk føre seg hovudsakleg i Palmdale i California. Etter fullendt arbeid kom romferja til John F. Kennedy Space Center den 25. mars 1979, for førebuingane til si første oppskyting.

Denne første ferda med romferja «Columbia» fekk ferdsnamnet STS-1, ei forkorting av Space Transportation System 1. om bord i romferja var kapteinen John Young og piloten Robert Grippen. Young var ein veteran frå Gemini- og Apollo-programma. Grippen hadde aldri vore i rommet før, men hadde fungert som støttemannskap for Skylab- besetningane og Apollo-Soyuz. Dei to astronautane vart skotne opp med romferja den 12. april 1981, på tjueårsjubileet for menneskeleg romfart. Etter å ha krinsa 36 gongar rundt jorda, returnerte Young og Grippen tilbake til jorda to dagar seinare, den 14. april 1981. «Columbia» føretok så 3 fleire ferder, der ein testa romferja sine tekniske eigenskapar og yting. Den første operative romferda var STS-5, den 11. november 1982. Mannskapet talde no 4, det største til no, og var i verdsrommet i 5 dagar før dei kom tilbake til jorda den 16. november 1982. På denne tida fekk Columbia selskap av romferja «Challenger» som utførte dei neste tre romferjeoppdraga.

1982: Astronautane Thomas K. Mattingly og Henry W. Hartsfield helsar på pres. Ronald Reagan og kona Nancy, etter endt ferd.

I 1983 gjennomførte «Columbia» sitt andre operative oppdrag, STS-9. Denne gongen talde mannskapet seks astronautar, blant desse var den første ikkje-amerikanske astronauten på romferja, Ulf Merbold. «Columbia» vart ikkje brukt dei neste tre åra, i løpet av denne perioden utvida ein romferjeflåten med dei nye romferjene «Discovery» og «Atlantis». «Columbia» kom tilbake på jobb den 12. januar 1986 med oppskytinga av STS-61-C. om bord var blant anna Bill Nelson, den første sitjande medlemmen av representanthuset i USA til å våge seg ut i verdsrommet. Ti dagar etter at «Columbia» hadde landa, skulle «Challenger» skytast opp den 28. januar 1986. Romferda enda i ei katastrofe like etter oppskyting, då «Challenger» eksploderte etter berre 73 sekundar ut i romferda. Heile mannskapet vart drepne. I kjølvatnet av hendinga vart alle vidare romferder utsett. «Columbia» vart ikkje flogen før STS-28 i 1989, eit år etter at romferjeprogrammet kom i gang att.

Om morgonen den 1. februar 2003 var «Columbia» på veg tilbake til jorda etter ein 16 dagars lang ferd. Om lag eit kvarter før romferja var planlagt å lande i Florida, mista NASA radiokontakten med romferja. Video-opptak viste at «Columbia» gjekk i oppløysing over Texas. Både romferja og heile mannskapet gjekk tapt. Ein bit frå drivstofftanken som hadde treft og skada vingen på «Columbia», fekk skulda for ulykka.

«Columbia» oppå ein Boeing 747-100 på veg til Kennedy Space Center i 2001.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Utan last vog «Columbia» om lag 8 000 lb (3 600 kg) meir enn dei seinare romferjene. Til dømes hadde «Endeavour» litt annleis utforming og kunne dra nytta av seinare framsteg innan materialteknologi. «Columbia» hadde blant anna ei tyngre vengje og hadde ei intern luftsluse som ikkje vart installert på dei andre romferjene. Til trass for seinare utbetringar av romferja, vegde Columbia alltid tyngst av alle. Den nest eldste romferja, «Challenger», var også relativt tung i forhold til dei andre, men var likevel 2 200 lb (1 000 kg) lettare enn «Columbia».

«Columbia» landar den 5. november 1995, etter si attande ferd.

Fram til den siste ombygginga, var «Columbia» den einaste romferja med markeringar på vengjene som bestod av det amerikanske flagget på det venstre vengja og bokstavane «USA» på den høgre. Fram til 1998 bar både «Challenger», «Discovery», «Atlantis» og «Endeavour» bokstavane «USA» føre det amerikanske flagget på venstre side, medan NASA sin raude «ormelogo» og fartøyet sitt namn var på høgre. Etter ombygginga og fram til romferja gjekk tapt, bar «Columbia» liknande merke: NASA sin nye logo på venstre vengja og det amerikanske flagget på høgre vengje, før namnet til romferja: «Columbia». Dermed beheldt «Columbia» sin unike identitet.

Innvendig var «Columbia» opphavleg utstyrt med katapultstolar frå Lockheed Martin, identiske med dei som finst på SR-71 Blackbird. Desse stolane var aktive på dei første testreisene, men vart deaktivert etter STS-4 og fjerna heilt etter STS-9. I staden fekk romferja eit såkalla head-up display, eit gjennomsiktig display som presenterer data utan at brukaren må flytte synsfeltet sitt. «Columbia» var den einaste romferja som ikkje vart levert med slikt utstyr frå byrjinga.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Romferja «Columbia» flaug 28 romferder, tilbrakte 300,74 dagar i verdsrommet, fullførte 4808 gonger rundt jorda, og flaug 125 204 911 miles (201 497 772 km) totalt, den siste romferda inkludert. «Columbia» er den einaste av romferjene som aldri har besøkt Mir eller den internasjonale romstasjonen. I kontrast til «Discovery», «Atlantis» og «Endeavor» som alle har besøkt begge stasjonane minst ein gong. Då ser ein vekk frå «Challenger» som vart øydelagt før Shuttle-Mir-programmet begynte, og «Enterprise» som aldri flaug i verdsrommet.

I 2003 vart ein fjelltopp i Colorado gjeve namnet Columbia Point til ære for mannskapet som mista livet. Like ved ligg Challenger Point som vart kalla opp etter den første romferja som gjekk tapt. NASA gav namn til 7 asteroidar etter mannskapet. På Mars vart staden der rovaren Spirit landa, gjeve namnet Columbia Memorial. Like ved ligg åsformasjonane Columbia Hills. I den andre sesongen av Star Trek: Enterprise vart eit skip gjeve namnet Columbia. NASA hadde tidlegare kalla opp romferjemodellen Enterprise etter tv-serien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Romferder med romferja Columbia
1981: STS-1 | STS-2 | 1982: STS-3 | STS-4 | STS-5 | 1983: STS-9 | 1886: STS-61-C | 1989: STS-28 | 1990: STS-32 | STS-35 | 1991: STS-40 | 1992: STS-50 | STS-52 | 1993: STS-55 | STS-58 | 1994: STS-62 | STS-65 | 1995: STS-73 | 1996: STS-75 | STS-78 | STS-80 | 1997: STS-83 | STS-94 | STS-87 | 1998: STS-90 | 1999: STS-93 | 2002: STS-109 | 2003: STS-107
Amerikanske romferjer
«Atlantis» · «Challenger» · «Columbia» · «Discovery» · «Endeavour» · «Enterprise» · «Pathfinder» · «Explorer»