Romferja «Discovery»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Discovery
Romferja «Discovery»
Romferja Discovery vert transportert til utskytingsrampe 39B den 19. mai 2006 for STS-121
OV beteikning OV-103
Land USA
Kontrakt tildelt den 29. januar 1979
Oppkalla etter RRS Discovery
Første tur STS-41-D
30. august 1984-5. september 1984
Siste tur STS-116
9. desember 2006-22. desember 2006
Antall reiser 33
Mannskap 199
Tid brukt i verdsrommet  268.62 dagar
Antall runder rundt jorda 4,229
Distanse reist 176,657,672 km
Satellittar utplassert 31 (inkludert romteleskopet Hubble)
Samankoplingar med Mir 1
Samankoplingar med Den Int. romstasjonen 7
Noverande status Aktiv

«Discovery» er ei amerikansk romferje som høyrer til den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA. Ferja er oppkalla etter HMS «Discovery», eit skip som oppdagaren James Cook nytta på si tredje reise. «Discovery» var den tredje romferja som vart bygd av NASA, og er den eldste av dei tre gjenverande romferjene. Det var «Discovery» som frakta teleskopet Hubble ut i bane rundt jorda. Det var òg «Discovery» som sende ut romsonden Ulysses. Romferja vart dessutan nytta som «return to flight mission» både då romferja «Challenger» eksploderte i 1986 like etter oppskyting, og då «Columbia» gjekk i oppløysing i 2003 etter å ha kome inn i jordatmosfæren. Discovery brakte og astronauten John Glenn frå Mercury-programmet ut i rommet igjen. Den amerikanske senantoren vart dermed den eldste romfararen nokonsinne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Astronautar frå Discovery gjer vedlikehald på romteleskopet Hubble

Jomfrutur[endre | endre wikiteksten]

Den første turen til «Discovery» var den 30. august 1984. Oppdraget var å plassere ut tre kommunikasjonssatellittar i bane rundt jorda. Denne romferda med «Discovery» var planlagd gjennomførd allereie i juni det året, men diverse tekniske problem gjorde at utskytinga vart stansa heile tre gonger. Ved det fjerde forsøket braut eit privatfly flyforbudsona og risikerte dermed utskytinga på ny, men etter ei utsetjing på nesten sju minutt kom ferja seg avgarde klokka 08.41.50 om morgonen, lokal tid. Den første ferda til «Discovery» varte i seks dagar og 50 minutt og romferja landa ved Edwards Air Force Base den 5. september 1984.

Andre viktige ferder:[endre | endre wikiteksten]

«Discovery» poserer for den internasjonale romstasjonen for inspeksjon av varmeskjoldet
  • På den femte ferda til «Discovery» den 17. juni 1985 var ein av dei sju astronautane om bord Sultan Salman Al-Saud, borneborn til kong Ibn Saud av Saudi-Arabia. Som den første arabar i verdsrommet var Al-Saud nyttelastspesialist for ein kommunikasjonsatellitt frå ARABSAT.
  • Den 29. september 1988 starta den første romferda etter den tragiske Challenger-ulykka to år tidlegare, der heile mannskapet vart drepne i ein eksplosjon like etter oppskyting. Dette var «Discovery» si første «Return to Flight»-ferd.
  • På den tiande ferda si den 24. april 1990 hadde «Discovery» med seg romteleskopet Hubble. Ved eit mistak var spegla i teleskopet feilslipt, noko som ikkje vart oppdaga før dei første bileta vart henta ned frå teleskopet nokre veker etter at teleskopet var sett i bane. Derved kunne Hubble sjå like godt som eit teleskop plassert på jorda, berre til ein mykje dyrare pris. Det vart likevel tatt bilete med teleskopet til det første vedlikehaldet vart gjennomførd av romferja «Endeavour» i 1993.
  • Den 3. februar 1995 var starten på den attande ferda til «Discovery». Dette var første gong ein russisk kosmonaut var om bord i ei amerikansk romferje.
  • Nøyaktig eitt år etter byrja den tjuande ferda til «Discovery». Dette var første gongen ei kvinne var pilot av ei romferje. «Discovery» hadde som mål for ferda å fly nær den sovjetiske romstasjonen Mir for å prøve ut teknikkar for å kople ei romferje saman med romstasjonen. Amerikanske romferger gjennomførde seinare ni samankoplingar med Mir.
  • Den 11. oktober 2000 markerte oppskytinga av ferd nummer 100 i det amerikanske romferjeprogrammet. Oppdraget som bestod i å byggje ut den internasjonale romstasjonen var «Discovery» si første ferd til denne romstasjonen.
  • 26. juli 2005 vart på ny ei «return to flight»-ferd for «Discovery», etter at romferja «Columbia» gjekk i oppløysing to og eit halvt år tidlegare. Som eit resultat av denne ulykka innførde NASA nye tryggleiksføreskrifter, der ein spesiell manøver skulle snu romferja rundt og la varmeskjoldet på undersida verte fotografert frå den internasjonale romstasjonen før samankopling. Bileta av undersida av romferja viste to område der noko materiale stakk ut. Sjølv om skaden ikkje vart rekna som alvorleg vart det bestemt astronaut Robinson skulle trekke ut dette materialet ved ein av i alt tre romvandringar som vart utførde på denne ferda. NASA uroa seg for skum som hadde falle frå den utvendige tanken ved oppskytinga. Ein gav losna skum skylda for det som hende med «Columbia». Resten av flåten vart sett på bakken medan ein jobba med å finne ei løysing. Det tok eit heilt år før «Discovery» kunne skytast opp på ny den 4. juli 2006 og fortsette «Return to flight».
  • 10. desember 2006 byrja «Discovery» sin 33. tur til verdsrommet. om bord var den svensk-norske astronauten Christer Fuglesang. «Discovery» landa på jorda den 22. desember 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Romferder med romferja Discovery

1984: STS-41-D | STS-51-A | 1985: STS-51-C | STS-51-D | STS-51-G | STS-51-I | 1988: STS-26 | 1989: STS-29 | STS-33 | 1990: STS-31 | STS-41 | 1991: STS-39 | STS-48 | 1992: STS-42 | STS-53 | 1993: STS-56 | STS-51 | 1994: STS-60 | STS-64 | 1995: STS-63 | STS-70 | 1997: STS-82 | STS-85 | 1998: STS-91 | STS-95 | 1999: STS-96 | STS-103 | 2000: STS-92 | 2001: STS-102 | STS-105 | 2005: STS-114 | 2006: STS-121 | STS-116 | 2007: STS-120 |2008: STS-124 | 2009: STS-119 | STS-128 | 2010: STS-131 | 2011: STS-133


Amerikanske romferjer
«Atlantis» · «Challenger» · «Columbia» · «Discovery» · «Endeavour» · «Enterprise» · «Pathfinder» · «Explorer»