Ron Delany

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ron Delany
Ron Delany 1957.jpg
Fødd 6. mars 1935
Arklow

Ron Delany, fullt namn Ronald Michael Delany, (fødd 6. mars 1935) er ein irsk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 1500 meter i 1956.

Delany, som var av rikfolk, voks opp i småbyen Arklow og seinare i Dublin, før han studerte ved Villanova University i USA. 19 år gammal tok han seg til finalen på 800 m ved EM i friidrett 1954 i Bern, der han enda på åttande og sisteplass, etter å ha imponert i semifinalen.

Sommaren 1956 vart Delany den sjuande løparen som gjordep ei engelsk «mile» unna på under fire minuttar. I november 1956 var han på plass ved Sommar-OL 1956 i Melbourne. Etter å ha vorte nummer tre i sitt kvalifiseringsheat, to sekundar etter heatvinnaren, vart det få som rekna Delany til favortittsjiktet. I dei fyrste rundane av finaleløpet 1. desember låg han i feltet bak favoritten, australiaren John Landy. I siste sving kom Delany utanpå tetfeltet og med fabelaktig spurt på oppløpssida sikra han seg sigeren på ny olympisk rekord, 3.41,2. Sølvmedaljen gjekk til tyske Klaus Richtzenhain og John Landy fekk bronsen, begge på 3.42,0. Det var då 24 år sidan ein ire hadde vunne OL-gull, og det skulle gå 36 år før Irland på ny fekk oppleve ein nasjonal olympiameister.

Under EM i friidrett 1958 i Stockholm tok Delany bronsen på 1500-meteren, høvesvis fire og to tidels sekund bak vinnaren Brian Hewson og sølvmedaljøren Dan Waern. Då sommarleikane 1960 fann stad i Roma, deltok Delany på 800 m og vart slått ut i kvartfinalane. I 1961 vann han 1500 m under universiaden i Paris. Han la opp etter 1962-seongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]