Ronay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ronay
Lokalt namn: Rònaigh
Geografi
Ronay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°29′ N 7°11′ WKoordinatar: 57°29′ N 7°11′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 5,63 km²

Høgaste punkt Beinn á Charnain (115 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Ronay (skotsk-gælisk Rònaigh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland, som ligg like aust for Grimsay.

Bagh Mòr på Grimsay, med Ronay i bakgrunnen

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ronay har ein forreven kyst med Bàgh nan Uamh som den høgaste toppen i nordvest. Fleire mindre øyar ligg rundt Ronay, som Eilean na Cloiche i søraust, Eilean an Fhèidh i aust, Flodaigh Mòr i nordaust, Haunaray i nord og Garbh Eilean Mòr mellom Ronay og Grimsay. [1]

Den nordlege delen av øya er ei halvøy kalla Rònaigh Beag, eller Vesle Ronay. Sentralt på øya ligg meir enn sju vatn.

Heile øya er kupert med mange frambrot og knausar, som delvis kan ha vorte eroderte av overbeiting. Det er tre åstoppar på øya, Beinn Rodagraich (99 moh) i sør, Beinn a' Chàrnain i aust (115 moh) med Cnoc Mòr og Beinn an t-Sagairt og Ronaigh Beag (74 moh).[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Som mange skotske øyar har Ronay tilknyting til den gamle keltiske kyrkja. Nordvest på øya ligg neset Rubha og fjellet (Beinn) til prestane (an t-sagairt) og i sørvest ligg Rubha na Manach («munkeneset»). Martin Martin nemner òg eit kapell på øya.[1] Dette kapellet var frå tida før reformasjonen. Namnet på øya kan kanskje vise til St. Ronan, slik namnet til North Rona gjer.

I 1826 levde det 180 menneske på øya, men i 1831 vart heile folkesetnaden tvungne bort under Highland clearances for å gje plass til sauebeite. I 1841 vart det derimot på ny registret ni menneske her, som kan ha flytta attende. I 1931 vart øya forlaten for godt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.