Rosemarie Köhn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosemarie Köhn. Bilete: Kirkens informasjonsteneste

Rosemarie Köhn (fødd 20. oktober 1939) i Rathenow ved Berlin, Preussen) er ein tyskfødd norsk teolog og tidlegare biskop av Hamar. Ho var den fyrste kvinnelege biskopen i Noreg, og den andre i verda i det lutherske kyrkjesamfunnet, etter Maria Jepsen.

Akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Köhn, som har tysk far og norsk mor, kom til Noreg i slutten av 1940-åra. Her studerte ho teologi etter artium. I 1966 fekk ho graden cand. theol., og i 1969 vart ho ordinert til prest av biskop Per Lønning.

Rosemarie Köhn arbeidde som hjelpelærar i hebraisk ved Universitetet i Oslo frå 1967 til 1977. Her skreiv ho læreboka Hebraisk Grammatikk (1971), som framleis blir brukt til hebraiskstudia ved norske universitet og høgskular. Samstundes var Köhn stipendiat i gamaltestamentleg teologi fram til 1975. Ho vart tilsett som universitetslektor i bibelfag ved Institutt for religionshistorie og kristendomskunnskap i 1976, og underviste òg ved det integrerte praktikumet innan sjelesorg, homiletikk og pastorallære, og i prinsipiell etikk ved institutt for sjukepleievitskap. Ho var avdelingsbestyrar ved avd. B, Institutt for religionshistorie og kristendomskunnskap i åtte år, og leidde forskingsprosjektet Presterollen 1986-1989. I 1989 vart ho rektor ved Det praktisk-teologiske seminaret ved Universitetet i Oslo.

Biskop Köhn[endre | endre wikiteksten]

Rosemarie Köhn vart utnemnd til biskop i Hamar av kongen i statsråd i 1993. Köhn har vore rekna til den liberale fløya i kyrkja, og Köhn har vore kontroversiell i samband med vigslinga av homofile prestar. Eit godt døme er den såkalla Siri Sunde-saka, som gjorde at Köhn vart den desidert mest namngjetne norske biskopen på 1990-talet.

Rosemarie Köhn vart i 2004 utnemnt av Kong Harald V til kommandør av Den Kgl. Norske St. Olavs Orden.

13. januar 2006 varsla biskopen at ho kom til å trekkje seg frå stillinga som biskop i oktober same året. Årsaka til dette, er at Köhn har hatt høgt blodtrykk og fleire små hjerneslag. Rosemarie Köhn gjekk av 1. november 2007.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Hebraisk Grammatikk. Oslo: Universitetsforlaget, 1971
  • Presterollen. 1989
  • Håpstreet. Oslo: Pax forlag, 2002
  • Gode Gud? (saman med Susanne Sønderbo). Oslo: Pax forlag, 2003