Roslagsbanan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Roslagsbanan nord for Rydbo i Österåkers kommun.
Endestasjonen Stockholms östra station har nedgang til tunnelbanestasjonen Tekniska högskolan på T-banelinja röda linjen og ein bussterminal.

Roslagsbanan er ein elektrifisert, dels einspora dels, dels dobbeltspora smalspora lokalbane for persontrafikk i Stockholms län i Sverige. Toga får straum frå ei kontaktleidning med 1 500 V likestraum.

Banen går ut frå Stockholms östra station, deler seg i tre linjer, ei mot Kårsta, ei mot Österskär og ei mot Näsbypark, og dekkjer Stockholms nordaustre forstader og landsbygder. Til saman har Roslagsbanan ei lengd på 65 kilometer med 38 stasjonar og haldeplassar, og er mellom dei mest trafikkerte jarnbanane i Sverige, rekna i talet på ferdafolk.

Roslagsbanan er ein resterande part av den tidlegare Stockholm-Roslagens järnvägar. Sporvidda er berre 891 millimeter, eller tre gamle svenske fot, i motsetnad til den vanlege sporvidda for jarnbanar, trikkar og tunnelbanar på 1435 millimeter, og er den einaste attverande smalspora jarnbanen i Sverige som framleis har regulær trafikk. Banen er no eigd av Storstockholms Lokaltrafik (SL), som er heilt eigd av Stockholms läns landsting, men drifta av toga er sett vekk til eit privat trafikkselskap som nyttar elektriske motorvogntog bygd i åra 1988–1995.