Rosso Fiorentino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nedtakinga frå krossen, 1521

Giovanni Batista di Jacopo di Gasparre (8. mars 149414. november 1540), best kjend som Rosso Fiorentino (den raude florentinaren), var ein italiensk målar frå Firenze, ein av dei leiande i stilretninga manierismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Han var raudhåra og fødd i Firenze, noko som gav han kallenamnet hans. Rosso gjekk i lære hos Andrea del Sarto, på same tid som Jacopo da Pontormo. Seint i året 1523 flytta Rosso til Roma. Der vart han kjend med arbeida til Michelangelo, Rafael og andre renessanse-kunstnarar, nok som førte til større endringar i målarstilen hans.

Våren 1527 flykta han frå Roma etter plyndringa av Roma. Slik stoda var, reiste han til Frankrike. Der sikra hans seg i 1530 ein posisjon ved hoffet til kong Frans I, ei stilling han hadde livet ut. Saman med Francesco Primaticcio var Rosso ein av dei leiande målarane som arbeidde på Fontainebleau-slottet. Resten av livet arbeidde han for ein stor del på slottet. Etter han døydde i 1540, av det som Giorgio Vasari hevda var eit sjølvmord, tok Francesco Primaticcio styringa med å vidareføre den kustnariske utsmykkinga av Fontainebleau.

Rossos ry, saman med andre målarar rekna for seine renessanse-florentinarar, fall i lang tid utanfor, samanlikna med samtidige som måla meir naturalistisk og yndefullt. I dei siste hundreåra har bileta til desse målarane likevel vorte mykje oppvurdert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]