Jacopo da Pontormo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacopo da Pontormo
Ritratti dei membri illustri dell'accademia del disegno, 16 pontormo.jpg
Fødd 24. mai 1494 (juliansk)
Empoli
Død

2. januar 1557 (juliansk)
Firenze

Yrke kunstmålar
Maria bodskapsdag, 1528/29

Jacopo Carrucci (24. mai 14942. januar 1557), betre kjend som Jacopo da Pontormo eller berre il Pontormo, var ein italiensk kunstmålar, ein av dei tidlege og mest framståande av dei florentinske manieristane.[1]

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Carrucci var fødd i Pontormo, ein by nær Empoli. Tilnamnet fekk han etter fødebyen, slik brukvisa ofte var i samtida. Han vart opplært målar i den florentinske stilen, rimeleg sikkert av Andrea del Sarto og truleg av Leonardo da Vinci og Piero di Cosimo. Pontormo slo gjennom med utsmykkinga av Mediciane sin villa i Poggio a Caiano, i nærleiken av Firenze. I 1523 måla han ei rad freskar med motiv frå lidingssoga til Jesus Kristus.

Pontormos litt kantete teikningar med påverknad frå Michelangelo og Dürers grafikk, og hans uvanlege bruk av fargar, kjem særleg fram i hovudverket Gravlegginga (1525-28). Biletet Kvinne med hund frå 1532 viser den manieristiske portrettstilen hans. Pontrmo er også kjend for si gåverike teikning.[1]

Rosso Fiorentino var ein rivalane hans, medan Agnolo Bronzino var hans elev og etterfølgjar.

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nordhagen, Per Jonas. «Il Pontormo» (22. desember 2014), Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]