Erika Hess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erika Hess


Statsborgarskap Sveits
Fødd 6. mars 1962 (62 år)
Wolfenschiessen
Idrett alpint
Tok del i

Alpine greiner under Vinter-OL 1984, alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – women's slalom, VM i alpine greiner 1985

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits, Skieur d’Or

Erika Hess (fødd 6. mars 1962) er ein sveitsisk, tidlegare skirennar frå Engelberg i kantonen Obwalden. Ho vann seks VM-gull i tida 1982-87 og verdscupen i alpint både i 1982 og 1984. Totalt vann ho 31 verdscuprenn.

Hess si einaste olympiske medalje kom i Vinter-OL 1980 i Lake Placid, der ho fekk bronse i slalåm, bak Hanni Wenzel og Christa Kinshofer.

Under VM i alpint 1982 i Schladming vann Hess tre gullmedaljar, både i slalåm, storslalåm og i kombinasjonen slalåm/utfor. Også i VM i alpint 1985 i Bormio vann ho kombinasjonen. I sitt siste VM, i Crans-Montana i 1987, vann ho kombinasjonen for tredje gong og vart på ny vinnar av slalåmrennet.

I tillegg til dei to sigrane i totalverdscupen, 1982 og 1984, kom Hess på andreplass i 1981 og 1986, og på tredjeplass. Dessutan kom ho på fjerdeplass i 1985 og 1987, slik at ho i sesongar på rad alltid var mellom dei fire beste kvinnelege alpinistane i verda. Hess vann verdscupen i greina slalåm i 1981, 1982, 1983 og 1985, medan ho i 1984 vann storslalåm- og kombinasjonscupen.

Hess er gift med den tidlegare trenaren sin og bur i Saint-Légier-La Chiésaz i kantonen Vaud.

Også det to år yngre syskenbarnet hennar, Monika Hess, hevda seg i den alpine verdscupen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]