Rouen Mountains
Rouen Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | |||
Høgaste punkt | |||
- høgd | 2 800 moh. | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Rouen Mountains | |||
Rouen Mountains er ei markant fjellkjede på kring 2800 moh nord på Aleksanderøya i Antarktis. Ho er 60 km lang frå nordvest til søraust og går frå Mount Bayonne til Care Heights og Mount Cupola. Fjellkjeda har nokre av dei høgaste fjella på Aleksanderøya, i lag med den nærliggande Douglas Range. Mount Paris er det høgaste punktet i Rouen Mountains, på kring 2800 moh.
Fjella vart først kartlagde av Den franske antarktisekspedisjonen i 1908-10 under J. B. Charcot og vart namngjeven av han etter den franske byen Rouen. Charcot indikerte ein sprekk i fjella sør for Mount Paris, men flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947-48, som vart tolka av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) indikerte at fjella er kontinuerlege søraust til Mount Cupola. Dei vart delvis kartlagde frå FIDS i 1948 og ytterlegare skissert frå amerikanske satelittbilete frå januar 1974 og februar 1975.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Rouen Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).