Royal Drummers of Burundi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Royal Drummers of Burundi
AliasThe Drummers of Burundi
OpphavBurundi
AktivSidan 1960-åra

Royal Drummers of Burundi, ofte berre omtalt som The Drummers of Burundi, er eit perkusjonsensemble opphavleg frå Burundi. Dei spelte under seremoniar som fødslar, gravferder og kroningar av mwami (kongar). Trommene (kalla karyenda) er heilage i Burundi, og representerer mwami, grøde og nytt liv. The Royal Drummers bruker trommer laga av hole trestammer dekte med dyreskinn. I tillegg til den sentrale tromma, kalla inkiranya, nyttar dei amashako-trommer som held ein kontinurleg rytme, og ibishikiso-trommer, som følgjer rytmen sett av inkiranya.

Framføringa av Royal Drummers har vore dei same i hundrevis av år, og teknikkane og tradisjonane deira går frå far til son. Medlemmane av ensemblet byter på å spele inkiranya, danse, kvile seg og spele andre trommer, og roterer gjennom oppvisinga utan stopp. I starten av oppvisinga trer trommeslagarane fram med dei tunge trommene på hovudet medan dei syng og speler. Nokre ekstra medlemmar ber ornamentale spyd og skjold, og leiar prosesjonen med dansen sin. Dei spele så ei rekkje rytmar, somme akkompagnert av song, og går ut av scenen på same måte, med trommene på hovudet medan dei speler.

I byrjainga av 1960-åra byrja ensemblet å turnere rundt i verda. Dei har spelt inn minst tre album - Batimbo (Musiques Et Chants) i 1991,The Drummers of Burundi (1992, spelt inn i 1987) Real World (med ny tittel Live at Real World i 1993) og The Master Drummers of Burundi (1981). Dei er å høyre på Joni Mitchell-albumet The Hissing of Summer Lawns (1975), og på «Zimbo», B-sida til Echo & the Bunnymen sin 12"-singel «The Cutter» (1983). Det vert ofte hevda at dei spelte på Def Leppard-singelen »Rocket», men dette er feil. Dei inspirerte artistar som Adam and the Ants og Bow Wow Wow, og inspirerte Thomas Brooman til å organisere WOMAD-festivalen i 1982, som var med å forme den gryande verdsmusikk-sjangeren.

Gruppa var med i Werner Herzog-filmen Fitzcarraldo, som «drumming of the bushmen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

{fotnoteliste}}