The Hissing of Summer Lawns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Hissing of Summer Lawns
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve November 1975
Innspelt 1975
Studio A&M, Los Angeles
Sjanger
Lengd 42:34
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi
Miles of Aisles
(1974)
The Hissing of Summer Lawns Hejira
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Christgau's Record GuideB[4]
MusicHound4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
Pitchfork Media10/10[3]
Paul Roland4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
Rolling Stone(mixed)[6]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[7]
Martin C. Strong8/10[8]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]

The Hissing of Summer Lawns er det sjuande studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut i 1975.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mitchell drog i studio tidleg i 1975 for å spele inn akustiske demoar av somme songar ho hadde skrive sidan Court and Spark-turneen. Nokre månadar seinare spelte ho inn versjonar av songane med bandet sitt. Den musikalske retninga hennar gjekk no i andre retningar enn både visesogn og pop, mot mindre strukturerte og meir jazz-aktige songar med større variasjon i instrumenta som vart brukt. På «The Jungle Line» skal Mitchell ha fått æra for å ha gjeve ut den første kommersielle songen med sampling, då han inneheld ei innspeling av afrikanske musikarar.[10] Denne praksisen vart meir vanleg blant vestlege rockeartistar i 1980-åra. «In France They Kiss on Main Street» fortsette den svulstige popstilen frå Court and Spark, og songar som tittelsporet og «Edith and the Kingpin» var soger om dei mørkare sidene ved forstadslivet i Sør-California.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Det første sporet, «In France They Kiss on Main Street», er ein jazzrock-song om å vekse opp i ein liten by i rock & roll-æraen i 1950-åra. Songen kom ut på singel frå albumet og nådde 66. plassen på Billboard-lista. «The Jungle Line» sampler afrikanske trommeslagarar frå Burundi (kalla 'krigartrommer' i omslaget), over ein gitar, Moog synthesizer og vokal. Teksten hyllar arbeidet til den franske post-impresjonistiske målaren Henri Rousseau. Mitchell blandar detaljar frå verka hans med bilete frå det moderne bylivet, musikkindustrien og dopkulturen.

«Edith and the Kingpin» markerer eit steg inn i jazzen med ei soge om ein kjærasten til ein gangster som kjem til heimbyen hans. «Don't Interrupt the Sorrow» er ein akustisk gitar–basert song med ein medvitsstraum-tekst, som fokuserer på kvinner som står opp mot mannleg dominans og forkynner deira eigen eksistens som individ. «Shades of Scarlett Conquering» er eit orkester-basert stykke om ein moderne, ung kvinne, basert på livet hennar og sjølvbilete på stereotypar som Scarlett O'Hara-karakteren i Tatt av vinden.

Den andre sida byrjar med tittelsporet, «The Hissing of Summer Lawns», som omhandlar ei kvinne som vel å bli verande i eit ekteskap der ho vert behandla som ein del av porteføljen til ektemannen sin. «The Boho Dance» omhandlar korleis folk meiner at artistar forrår den kunstnariske integriteten sin for kommersiell suksess, med eit ironisk blikk på dei som sa dette om Mitchell sjølv og parallellar til Tom Wolfe-boka The Painted Word.[11][6] «Harry's House/Centerpiece» omhandlar eit mislykka ektesmpak som døme på einsemda i det moderne livet sett til jazzstandarden «Centerpiece» av Harry «Sweets» Edison og Jon Hendricks. «Sweet Bird» er ein enklare, akustisk song i liknande stil som dei såkalla vedkjennande visesongane til Mitchell og omhandlar korleis ein med alderen mistar makta som ein ven utsjånad har. Teksten indikerer òg ein referanse til Tennessee Williams-skodespelet Sweet Bird of Youth. Det siste sporet er «Shadows and Light», som består av mange overdubbar av røysta hennar og ein ARP String Machine (omtalt som ARP-Farfisa på plateomslaget).

Det afrikanske temaet på «The Jungle Line» går att i plateomslaget med eit bilete av mørke folk som ber ein stor slange. Både mennene og slangen er lagt over eit bilete av forstaden Beverly Hills, og huset til Mitchell er markert i blått (eller grønt på somme utgåver).

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk opphavleg dårleg omtale. I Rolling Stone skreiv Stephen Holden at tekstane på albumet var imponerande, men at musikken var mislykka. «Om The Hissing of Summer Lawns tilbyr viktig litteratur, er det sett til uviktig musikk. Fire medlemmar av Tom Scott sitt L.A. Express er med på Hissing, men den uinspirerte jazzrockstilen deira går fullstendig på tvers av den romantiske stilen til Mitchell. The Hissing of Summer Lawns er til sjuande og sist ei flott samling av popdikt med distraherande musikk til. Les det først. Så spel det.»[6]

Men plata har fått betre omtale med åra. Skribenten Howard Sounes har kalla The Hissing of Summer Lawns eit meisterverk, «ei plate som står ved sidan av Blood on the Tracks».[12] Prince, som var stor fan av Mitchell, hadde albumet som ein stor favoritt, og hylla det i fleire intervju.[13]

I 1977 vart Mitchell nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong for albumet.

Det vart stemt fram til 217. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[14] Albumet er òg inkludert i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[15]

Rolling Stone rangerte albumet på 258. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene som kom i 2020.[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«In France They Kiss on Main Street»3:19
2.«The Jungle Line»4:25
3.«Edith and the Kingpin»3:38
4.«Don't Interrupt the Sorrow»4:05
5.«Shades of Scarlett Conquering»4:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Hissing of Summer Lawns»Joni Mitchell, John Guerin3:01
2.«The Boho Dance» 3:48
3.«Harry's House; Centerpiece»Joni Mitchell; Jon Hendricks, Harry Edison6:48
4.«Sweet Bird» 4:12
5.«Shadows and Light» 4:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Nummera referer til CD-utgåva og digitale utgåver av albumet.

Teknisk
  • Joni Mitchell – produsent, cover design, illustrasjon
  • Henry Lewy – lydteknikar, miks med Mitchell
  • Ellis Sorkin – assisterande lydteknikar
  • Bernie Grundman – mastering
  • Norman Seeff – fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grimstad, Paul. «What is Avant-Pop?». Brooklyn Rail. Henta 1. oktober 2016. 
  2. Ankeny, Jason (2011). «The Hissing of Summer Lawns – Joni Mitchell | AllMusic». allmusic.com. Henta 2. februar 2021. 
  3. «Joni Mitchell: The Studio Albums 1968–1979 | Album Reviews». Pitchfork. Henta 24. mai 2013. 
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. februar 2021 – via robertchristgau.com. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Holden, Stephen (2011). «Joni Mitchell: The Hissing Of Summer Lawns : Music Reviews : Rolling Stone». Arkivert frå originalen 24. januar 2009. Henta 2. februar 2021. 
  7. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Joni Mitchell». The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 547–48. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 8. september 2009.  Portions posted at «Joni Mitchell > Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 31. juli 2011. Henta 1. februar 2021. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Joni Mitchell The Hissing of Summer Lawns». Acclaimed Music. Henta 2. februar 2021. 
  9. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  10. Nelson, Sean (2007). 33 1/3: Court and Spark. Bloomsbury Academic. ISBN 9780826417732. 
  11. Mitchell, Joni. «Boho Dance – lyrics». Joni Mitchell. Henta 1. februar 2021. 
  12. Sounes, Howard (2006). Seventies: The Sights, Sounds and Ideas of a Brilliant Decade. New York: Simon & Schuster Ltd. s. 244. ISBN 0743268598. 
  13. Errett, Joshua (22. april 2016). «Prince loved Toronto and these 5 Toronto women». CBC News. Henta 7. februar 2021. 
  14. Colin Larkin, red. (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 105. ISBN 0-7535-0493-6. 
  15. Dimery, Robert (Editor) (2013). 1001: Albums You Must Hear Before You Die. London: Cassell Publishing. s. 323. ISBN 978-1844037353. 
  16. «The 500 Greatest Albums of All Time: 284–213». Rolling Stone. Henta 25. september 2020.