Hopp til innhald

Royal Dutch Shell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Royal Dutch Shell


BransjePetroleumsverksemd[1]
Skipa1890
DotterselskapShell[1]
HovudkontorHaag[1]
LandStorbritannia, Nederland[2][3]
Produktpetroleum, naturgass
Grunnleggjar(ar)Marcus Samuel, Henri Deterding
Adm.dir.Wael Sawan (1. januar 2023)
Resultat15 842 000 000 USA-dollar (2019)[4]
Nettstadhttps://www.shell.com (britisk-engelsk)

Royal Dutch/Shell eller Royal Dutch Shell (kalla Shell Oil Company i Sambandsstatane) er eit multinasjonalt oljeselskap. Royal Dutch/Shell-gruppa er eitt av dei fire største oljeselskapa i verda, på line med BP, Exxon Mobil og Total. Selskapet har hovudkontoret sitt i Haag i Nederland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet vart grunnlagt i 1890 av Jean Kessler, saman med Henri Deterding og Hugo Loudon. Dronning Vilhelmina av Nederland gav selskapet "Royal Dutch" løyve til å leita etter petroleumsressursar.

For betre å kunna konkurrera mot det amerikanske oljeselskapet Standard Oil, fusjonerte Royal Dutch i 1907 med The "Shell" Transport and Trading Company. Shell Transport - selskapet hadde hovudkontor i Storbritannia.

Selskapet utvikla seg til eit multinasjonalt selskap, som marknadsfører seg under varemerket Shell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Royal Dutch Shell