Vilhelmina av Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelmina
Queen Wilhelmina2.jpg
Dronning
Regjeringstid 23. november 1890 - 30. april 1948
Fødd 31. august 1880
Fødestad Paleis Noordeinde, Haag
Død 28. november 1962
Dødsstad Het Loo, Nederland
Gift med Henrik av Mecklenburg-Schwerin
Far Vilhelm III av Nederland
Mor Emma av Waldeck-Pyrmont

Vilhelmina Helena Pauline Marie av Oranien-Nassau (fødd 31. august 1880 i Den Haag, død 28. november 1962 i Apeldoorn) var prinsesse av Nederlanda (1880-1890, 1948-1962), prinsesse av Oranien-Nassau, hertuginne av Limburg (1890-1948), hertuginne av Mecklenburg (1901-1962), dronning av Nederland frå 1890 til 1948, og dronningmor frå 1948 til ho døydde i 1962 med tittelen prinsesse Vilhelmina av Nederland. Vilhelmina var nederlandsk regent i 58 år, lenger enn nokon annan i historia til landet. Prinsesse Vilhelmina var einaste barn av kong Vilhelm III og den andre kona hans, Emma av Waldeck-Pyrmont.

Perioden hennar som statsoverhovud såg fleire avgjerande periodar i historia til landet, første verdskrigen og andre verdskrigen, depresjonen på 1930-talet og tilbakegangen til Nederland som kolonimakt. Utanfor Nederland er ho mest kjent for rolla si som monark i eksil under andre verdskrigen, der ho var ein stor inspirasjon for dei okkuperte innbyggjarane i landet.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Vilhelmina, som i dei første vekene av livet vart kalla Paulientje (vesle Pauline), hadde tre eldre halvbrør frå det første ekteskapet til faren med Sophie av Württemberg: Willem (1840-1879), Maurits (1843-1850) og Alexander (1851-1884). Den einaste som framleis levde då ho vart fødd var Alexander, som var så opprørt over det andre ekteskapet til faren at han nekta å møte systera si. Han døydde då ho var fire år gammal.

Då Vilhelmina var ti år gammal døydde faren, og ho vart dronning. Fram til den attande fødselsdagen hennar var mora Emma regent. I Storhertugdømet Luxemburg hadde berre dei mannlege arvingane rett til trona, og krona til storhertug gjekk over til den walramske greina av huset Nassau, Adolf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]